Helsekonsekvensanalysar for samfunnsmedisinarar

Geir Sverre Braut Om forfatteren
Artikkel

Kemm, John

Health impact assessment

Past achievement, current understanding, and future progress. 313 s, tab, ill. Oxford: Oxford University Press, 2012. Pris GBP 40

ISBN 978-0-19-965601-1

Dette er ikkje den definitive teksten om helsekonsekvensanalysar, men det skuldast ikkje redaktøren eller forfattarane. Det skuldast rett og slett at teori og praksis på dette området ikkje er kome lengre enno. Medisinen og dei andre helsefaga er komne langt kortare enn miljøvern og ingeniørfag når det gjeld å bruka fagspesifikk kunnskap til å vurdera forhold knytte til samfunnsutviklinga. Boka held det ho lovar, nemleg å visa kor arbeidet med helsekonsekvensanalysar står i dag.

Første del, om lag ein tredel, handlar om det teoretiske grunnlaget for slikt arbeid. I andre del presenterer forfattarane korleis slike analysar blir brukte rundt om i verda. Noreg er ikkje mellom dei landa som er representerte med døme. Kanskje er det tilfeldig, men sant å seie hadde vi vel ikkje hatt så mykje å bidra med heller. Men når det er sagt, så må det også seiast at stoda i andre land ikkje tykkjest vera betre. Eg skulle gjerne ha sett at første del fekk meir plass, for i eksempelsamlinga i andre del blir det mykje som verkar som gjentakingar, rett nok med nasjonal koloritt.

Det teoretiske grunnlaget slik det blir presentert her, er godt kjent og robust fagstoff frå allmenn samfunnsplanlegging, som er gitt ei medisinsk og helsefagleg tolking. Det er bra, for det er nettopp dette som bør karakterisera gode helsekonsekvensanalysar. Men dei allmenne teorikapitla blir i knappaste laget. Dei er for nybyrjarstoff å rekna. Dei som kjøper ei bok som dette, vil truleg venta seg tekstar som går noko vidare enn det dei kan finna her.

Det såkalla føre var-prinsippet blir presentert på under ei side. Dette konseptet står sentralt i alle typar konsekvensanalysar, og kan tena som døme på noko som eg meiner burde ha fått mykje større plass. Presentasjonen av omgrep som risiko, og fenomen som uvisse, burde vore gitt monaleg meir plass. Like eins saknar eg ein djupare gjennomgang av kva som skal karakterisera kunnskap som skal nyttast utanfor det fagfeltet der han er vunnen. Kort sagt: Kva slag medisinsk kunnskap er gyldig utanfor medisinsk arbeid?

Men no kjenner eg at eg blir for negativ. Dei fleste kapitla er velskrivne, og boka er godt redigert. Ho kan gjerne tilrådast for samfunnsmedisinarar som ønskjer seg ein kort og kjapp introduksjon til kor arbeidet med helsekonsekvensanalysar står i dag. Fagleg ambisiøse kommuneoverlegar vil sjå at dei godt kan ta på seg slike oppgåver som del av folkehelsearbeidet i kommunane.

Anbefalte artikler