Assistentarbeid i helsetenesta – noko å tenkje meir på

Geir Sverre Braut Om forfatteren
Artikkel

Kessler, Ian

Heron, Paul

Dopson, Sue

The modernization of the nursing workforce

Valuing the healthcare assistant. 248 s, tab, ill. Oxford: Oxford University Press, 2012. Pris GBP 35

ISBN 978-0-19-969413-6

Denne boka blir ingen kioskkvelvar. Men det tyder ikkje at det er ei dårleg bok. Forfattarane presenterer forsking knytt til assistentarbeid i helsetenesta i England. Kort sagt: forsking på personellet som i store delar av helsetenesta, i England som i dei fleste andre land, står i første line i det daglege omsorgsarbeidet.

Innhaldet vil vera av størst interesse for folk som driv med helsetenesteforsking og utdanning av helsepersonell. Boka burde også kunne bli lese med utbyte av mange mellomleiarar både i kommunehelsetenesta og i helseføretaka. Språkføringa er grei, utan særleg mykje spesifikk fagterminologi.

I den første bolken gjev forfattarane eit grundig og systematisk oversyn over den metodiske tilnærminga som forskarane har brukt i arbeidet sitt. Dette er stoff med eit allment perspektiv, som også kan nyttast til å strukturere liknande forskingsprosjekt utanfor England. I eit internasjonalt perspektiv er truleg denne utviklinga av modellar og eit rammeverk for forsking det viktigaste med boka.

Den andre delen inneheld massevis av empiriske data knytte til arbeidet som «healthcare assistant». Mot slutten kjem det fire kapittel der forfattarane samlar og drøftar funna i lys av arbeidet til sjukepleiarane og assistentane sjølve, og ikkje minst assistentrolla i forhold til pasientane. Mi grove tolking av funna er at alle tykkjer vel om assistentane fordi dei utfører eit viktig arbeid. Men dei blir framleis oftast sett på som krisehjelp – nokon ein treng i mangel av nokon betre. Denne boka bør vera ei påminning om at også denne gruppa av helsepersonell bør brukast og leiast i eit meir fokusert, strategisk perspektiv, der realkompetanse på personnivå må leggast til grunn for kva oppgåver ein set helsepersonell til å gjere.

Mykje av dette kan nok også overførast til norske tilhøve. Men eg sit att med eit inntrykk av at vi her i landet har profesjonalisert assistentrolla monaleg meir enn dei har i England. Dette kjem mellom anna tydeleg til uttrykk i at utdanninga som hjelpepleiar (no: helsefagarbeidar) i mange tiår har gjeve grunnlag for sjølvstendig autorisasjon som helsepersonell hjå oss. Drøftingane om ansvarsdelinga mellom sjukepleiarar og assistentar blir difor annleis her.

Eg har ikkje vore borti ei liknande bok tidlegare. Om eg hadde sett boka i ei bokhylle i ein engelsk bokhandel, hadde eg kanskje heller ikkje kjøpt den. Men den har gjeve meg noko å tenkje på, både som tilsynsførar og lærar.

Anbefalte artikler