Helse som ein grunnleggande menneskerett

Hilde Engjom Om forfatteren

Wolff, Jonathan

The human right to health

192 s. New York, NY: W.W. Norton, 2012. Pris USD 24

ISBN 978-0-393-06335-6

Boka er skriven på lettleseleg engelsk, krydra med innsikt og britisk humor. Bortsett frå omslaget er det ikkje illustrasjonar og figurar. Den er innbunden og trykt på solid papir. Formatet er hendig.

Boka er ein del av den globale etikkserien til Amnesty International. Forfattaren er filosof, men viser god forståing for medisinske vurderingar. Første del omhandlar den internasjonale politiske prosessen forut for fråsegna til FN om menneskerettane og det vidare arbeidet med helse etter kvart som verdssamfunnet møtte nye utfordringar. Forfattaren legg vekt på det allmenne i retten til helse, korleis innhaldet i dette omgrepet har endra seg og forankringa for nasjonale og internasjonale plikter. Hiv/aids vert i særleg grad brukt som døme, samstundes som forfattaren viser til emne som medisinsk forsking, tilgang til medisinar, førebyggande helsearbeid, mødre- og barnehelse og ikkje minst vidare arbeid med mental helse. Han drøftar ulike sider ved internasjonal bistand og givarstyrt økonomisk hjelp, modellar for oppbygging av helsetenesta og den globale helsepersonellkrisa.

Forfattaren oppsummerer eit omfattande materiale med allmenn vinkling og utan å gripe til særskilte ord og vendingar som elles kan gjere både vitskapelege, byråkratiske og aktivistiske dokument vanskeleg tilgjengeleg for andre. Han legg ved ei omfattande oversikt over kjeldetilfang og forslag til utfyllande lesing. Boka er ikkje skjemd av trykkfeil, bortsett frå at Helsinki-fråsegna vert tilskrive World Health Assembly i teksten. Dette er korrigert til World Medical Association i kjelderegisteret.

Boka er ei leseverdig, interessant og tankevekkande oppsummering av arbeidet med helse som ein grunnleggande menneskerett. Forfattaren oppsummerer viktige samfunnsdiskusjonar og innbyr til refleksjonar om helsetenesta i Norge. Boka vil vera eit godt kunnskapstilfang for alle som er interessert i, eller har erfaring frå, helsearbeid i andre land.

Oppgitte interessekonflikter:

Forskningsgruppen som anmelder er medlem av, har etikk som et hovedarbeidsområde, og anmelder oppgir at hun dermed vil ha interesse av at temaet får mer oppmerksomhet. Å bidra til å øke kollegers kunnskap om og engasjement for menneskerettigheter og global helse er dessuten en del av mandatet for utvalget i Legeforeningen som anmelder leder.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler