Breitt, men distansert om helsetenesta i framtida

Olav Helge Førde Om forfatteren
Artikkel

Melberg, Hans Olav

Kjekshus, Lars Erik

Fremtidens Helse-Norge

292 s, tab, ill. Bergen: Fagbokforlaget, 2012. Pris NOK 348

ISBN 978-82-450-1208-8

Denne antologien, på over 280 sider og samansett av 15 frittståande bidrag, er, etter det vaskesetelen fortel, primært tenkt som lærebok på bachelor- og masternivå. Dei ulike artiklane skulle ha framtida som rød tråd, men denne tråden er ikkje alltid like godt synleg. Til tider er perspektivet både tilbakeskodande og fokusert på aktuelle problem i helsetenesta. Dei fleste av forfattarane har fagleg ståstad i samfunnsfaga og helseøkonomi, men to har medisinsk bakgrunn.

Tematisk famnar boka breitt frå utfordringane knytt til pasientar med etnisk minoritetsbakgrunn, frå framtidas pasientar til framtidig sjukdomspanorama og demografi og frå styringsverkemiddel til utfordringane knytt til innføring av informasjonsteknologi. Truleg er boka tenkt som lærebok i helse og sosialfag, men som pensumbok manglar den heilskap og verkar noko tilfeldig samansett, avhengig av tilgjengelege forfattarar.

Enkelte av lesarane av Tidsskriftet vil likevel finne spennande og velskrevne bidrag. Hans Olav Melberg, som er ein av redaktørane, dempar i artikkelen Eldrebølgen: bedre enn sitt rykte den utbreidde angsten for den effekten demografiske endringar vil ha på helsetenesta. Margun Aanestad, professor i informatikk ved Universitetet i Oslo, tek i sitt innsiktsfulle bidrag eit oppgjer med dei mange «IKT-brushovuda», som vil frelse helsetenesta med nye IKT-løysingar. Ho tek til orde for å gå varsamt og skrittvis fram med respekt for den sosiotekniske kompleksiteten dei nye reiskapane skal inn i. For enkelte vil òg den solide framskrivinga av sjukdomstrendar til medisinaren Øyvind Næss vere nyttig og opplysande.

Samtlege forfattarar sit på utsida av helsetenesta, til dels med stor avstand. Det gjer òg at antologien får eit litt distansert makroperspektiv. Helsearbeidarar vil nok leite lenge etter «forslag til mulige løsninger», som vaskesetelen lovar.

Anbefalte artikler