Krig mot New Public Management

Geir Sverre Braut Om forfatteren
Artikkel

Berg, Eli

På helsa løs

Økonomifokuset i norske sykehus. 163 s, ill. Oslo: Emilia forlag, 2012. Pris NOK 198

ISBN 978-82-7419-138-9

Denne boka er berekna på alle som har interesse for utviklinga av spesialisthelsetenesta her i landet. Forfattaren presenterer prosessen fram mot etableringa av Akershus universitetssykehus (Ahus) i nye lokale. Ho har følgt ei gruppe på 80 friviljuge personar som er tilsette ved sjukehuset, med intervju, gjennom ein fireårsperiode rundt flyttinga til nye Ahus.

Sjølv om det empiriske grunnlaget stammar frå eit forskingsprosjekt, gjev forfattaren tydeleg til kjenne at dette ikkje er ein forskingsrapport. Det gjer ho klokt i, for det kan stillast store spørsmål ved tilnærminga både når det gjeld utvalet av personar som er intervjua, mangelen på synleggjering av metode og drøftingar i forhold til teori. Like eins er dette ikkje ein journalistisk tekst, for det er ikkje gjeve rom for motførestellingar frå dei partane som blir kritiserte. Men det har heller ikkje vore eit mål for forfattaren.

Teksten framstår såleis som eit kritisk debattskrift – ei krigsfråsegn mot det rådande policy-grunnlaget innanfor utvikling og drift av den norske spesialisthelsetenesta. Eg les ein tydeleg hovudkonklusjon: Det som skjer for tida, gagnar korkje pasientar eller personell. Forfattaren byggjer opp under denne konklusjonen med ei tydeleg argumentrekkje. Isolert sett verkar argumenta truverdige og logisk sett saman. Men eg er ikkje i tvil om at mange vil kunne setje fram motargument som dei vil ta til inntekt for andre slutningar enn det dei finn i denne boka.

Det einsidige perspektivet som blir fremja, er etter mi vurdering ikkje kritikkverdig for ein tekst som dette. Men når spesialisthelsetenesta slit med ganske store strukturelle utfordringar, ville eg nok ønskja meg at også dei som har gode grunnar for å kritisere utviklinga, kunne kome med framlegg til mogelege utvegar for komande år. Den beste vegen vidare er truleg ikkje ein kopi av fortida, korkje her i Noreg eller i andre land.

Det er eit kort skrift, og teksten er lettlesen, så folk med eit visst minstemål av helsepolitisk interesse bør kome gjennom på få timar. Anten ein er samd eller usamd, vil ein finne ei rekkje problemstillingar i denne boka som vi ikkje har funne gode løysingar på i dag. Dette er problemstillingar som vi ikkje kan skyve bort i det lange løp. Dei må før eller seinare handterast gjennom open debatt, både innanfor og utanfor helsetenesta. Bøker som dette er viktige innlegg i denne debatten.

Anbefalte artikler