Vidvinkelperspektiv på helseretten

Geir Sverre Braut Om forfatteren
Artikkel

Warberg, Lasse A.

Norsk helserett

2. utg. 517 s. Oslo: Universitetsforlaget, 2011. Pris NOK 599

ISBN 978-82-150-1630-6

Denne boka er i første rekkje ei juridisk fagbok. Teksten er likevel slik utforma at helsepersonell med noko over gjennomsnittleg interesse for helserett vil ha utbyte av henne. Denne andre utgåva er vesentleg endra sidan første utgåve, som kom så langt attende som i 1994.

Innhaldet er vel strukturert. Stikkordregisteret er godt og gjennomarbeidd. Teksten er sett med flittig bruk av tematiske stikkord i margen. Boka har stive, slitesterke permar. Alt dette gjer at ho er lett å bruke som oppslagsverk. Og det er kanskje nett som oppslagsverk at ho har sin styrke og kjem til å bli mest brukt.

Det startar med ein allmenn presentasjon av helseretten og den historiske utviklinga av dette rettsområdet. Deretter kjem det to omfattande kapittel om helseretten som pasientrett, før helsepersonellretten blir presentert. Forfattaren har vidare funne plass til eit eige kapittel om dei særlege rettshøva for pårørande. Pasientskaderetten blir også presentert, medan trygderetten og sosialretten i det vesentlege fell utanom rammene for boka. Teksten viser ei stor breidde når det gjeld konkrete og praktisk relevante døme på korleis helseretten fungerer. Avgjerder både frå domstolane og forvaltninga blir hyppig siterte.

Forfattaren tek lesaren med på ei rettspolitisk prega drøfting av helseretten. Han brukar ikkje berre tradisjonelle rettskjelder som utgangspunkt for drøftingane, men set det rettslege kjeldeapparatet i samanheng med utanomrettslege kjelder, til dømes avisdebattar. Det er ein styrke, men det fører også til at forfattarrøysta er tydelegare enn det vi vanlegvis møter i norsk allmenn helserettsleg litteratur. Dei utanomrettslege kjeldene er ikkje alltid like godt dokumenterte som dei tradisjonelle rettskjeldene. Dei er så godt som fråverande i litteraturlista.

Mot slutten er det eit spennande kapittel der forfattaren ser på verknadene av dei omfattande helserettslege normsetta i Noreg med sine kritiske juristaugo. Dette kapitlet fremjar lesaren si lyst til debatt, men det er berre forfattaren som kjem til orde. Ved lesinga av dette kapitlet tykkjer eg tydeleg å sjå at verknadshistoria til legale tekstar er noko som ikkje berre skal granskast og drøftast av juristar. Det er eit tverrfagleg forskingsfelt.

Ifølgje forordet blei skrivinga avslutta i mars 2011. Det gjer at den nye helse- og omsorgslovgjevinga ikkje er knadd inn i teksten. Forfattaren har likevel makta å fanga opp ein del av det nye i eit tilleggskapittel heilt til slutt. Boka har ei eiga nettside der vesentlege oppdateringar vil kome.

Alt i alt er boka eit nyttig tilskot til den omfattande helserettslege litteraturen som vi har, ikkje minst fordi forfattaren torer vere personleg og endåtil dristig i ein del av vurderingane sine.

Anbefalte artikler