Kva får vi?
Vi får kommunal medfinansiering. Fleire milliardar blir sende inn i ein runddans der dei blir tatt frå budsjetta til helseføretaka og sette inn i rammene til kommunane, så reknar staten ut kor mykje innbyggarane har brukt sjukehusa og så skal kommunane betale pengane tilbake til sjukehusa. Det er ikkje, og skal ikkje vere, kommunane som avgjer kven som skal leggjast inn og sendast til behandling. Kommunane har såleis berre marginal innverknad på denne pengestraumen. Dette er pengeflytting – som aukar sysselsettinga blant pengeflyttarane og tappar ressursar frå helsetenesta. Kommunane treng meir ressursar dersom dei skal yte betre og meir omfattande tenester. Det er ein stor og reell fare for at dette systemet vil svekke kommunane økonomisk og gjere det vanskelegare å styrke førebygging og eigne tenestetilbod.
Vi får eit avtalesystem mellom kommunestyre og helseføretak. Avtalane omfattar sentrale områder som ansvarsfordeling, innlegging og utskriving av pasientar, beredskap, kommunal øyeblikkeleg hjelp i eigne institusjonar, kunnskapsoverføring, forsking, faglege nettverk, IKT-løysingar med meir. Avtalane skal inngåast under tidspress utan at det er rom for refleksjon, utgreiing og forankring, noko som er nødvendig for å få til gode løysingar. Den mest sentrale samhandlingsaktøren i kommunane, fastlegane, har ingen plass i avtalesystemet. I skrivande stund, seks veker før reformen skal tre i kraft, er enno ikkje sentrale forskrifter som legg premiss for dette arbeidet på plass.
Vi får ei IT-satsing på papiret. I realiteten ikkje er ho ikkje god nok til å sikre oss dei arbeidsverktøya vi treng og det som skal til for at dei skal snakke godt samen.
Vi får ikkje den satsinga vi treng på eit godt fagleg utviklingsarbeid mellom fastlegar og sjukehusspesialistar for verkeleg å utvikle samhandling.
Vi treng ein samhandlingsreform, men denne reformen er på feil spor.