Oversiktleg og «djupt» om dykkemedisin

Anmeldelser
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Örnhagen, Hans

    Dykerimedicin och hyperbar fysiologi

    352 s, tab, ill. Lund: Studentlitteratur, 2011. Pris SEK 408

    ISBN 978-91-44-05827-6

    Forfattaren har vore sentral i europeisk dykkemedisin i over ein mannsalder og er nok den i Skandinavia som er best skikka til å skrive ei slik bok. Han er pensjonist, men framleis förbundsläkare i Svenska Sportsdykarförbundet. To av hans tidlegare publikasjonar er omtalte i Tidsskriftet (1, 2).

    Boka er tilpassa krava for utdanning av legar i dykkemedisin gitt av European Diving Technology Committee (EDTC) og European Council for Hyperbaric Medicine (ECHM). Der er 17 kapittel som omfattar alt frå ulike former for dykking, relevant fysikk, verknadar av opphald i vatn, verknadar av aktuelle gassar under trykk, inertgasstransport i organismen, dekompresjonssykje («dykkarsykje»), kvinner og dykking, dykking ved sjukdom og medisinering, helseundersøking av dykkeaspirantar, skadar og dødsfall, og ubåtmedisin. Til slutt er det ei liste over annan relevant faglitteratur og ei liste over faguttrykk, samt eit sakregister.

    Boka kan brukast som lærebok og oppslagsbok. Der er rikeleg med forklarande tabellar, figurar og strekteikningar. Språket er lettfatteleg svensk, og stilen er uformell og lettlesen, nærast munnleg. Men eg skjønar ikkje kvifor forfattaren har forsøpla det vakre språket med ein flora av uturvande anglisismar.

    Dr. Örnhagen har god kunnskap om norske tilhøve, omtalar norsk regelverk og siterer norske statistikkar. Det gjer boka svært aktuell også her i landet. Som supplement til, eller erstatning for engelskspråkleg litteratur, er ho framifrå. Det finst inga like omfattande norsk bok av dette slaget, sjølv om Norske Dykke- og behandlingstabeller (3) og Froskemannen (4) frå Sjøforsvaret er svært gode og nærast uunnverlege til sitt bruk.

    Papiret er godt, dei halvstive permane er av plastmateriale, og innbindinga er sterk og sydd. Trykkfeil er nærast fråverande. Dei fleste fagområde har sitt «stammespråk» med tilhøyrande forkortingar, så også her. I neste utgåve (eg reknar med at dette vert ein klassikar) bør forkortingane forklarast i lista over faguttrykk.

    Forfattaren siterer flittig frå annan litteratur, med namn og årstal, men utan å gi sitata ein referanse. Det bør også rettast på i neste utgåve.

    Dette er ei bok alle som syslar med dette fagområdet vil ha nytte og glede av, som innføring for nybyrjarar, som repetisjon eller oppslagsbok.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media