Litt for personleg om engelsk spesialistutdanning i allmennmedisin

Steinar Hunskår Om forfatteren
Artikkel

Blunt, Lucy

The GPVTS guide to success

283 s, tab, ill. Oxford: Oxford University Press, 2011. Pris GBP 22

ISBN 978-0-19-959026-1

Dette er ei sjølvhjelpsbok for engelske utdanningskandidatar i allmennmedisin. Her får dei svar på alt frå nettsider, eksamensgebyr og dresskodar til korleis ein skal handtere rettleiarar og ordne seg vikariat i populære praksisar. Boka er skriven av ein entusiastisk ung allmennpraktikar som nettopp har gjennomført den treårige utdanninga. Ho baserer seg på notatar undervegs i prosessen, og mange av kapitla består av ei rekkje spørsmål med tilhøyrande svar. Apropos FAQs, eg har sjeldan lest ei bok med så massiv bruk av forkortingar, vesentleg i form av TBF (trebokstavforkortingar) og internsjargong, opptil fire element per setning. Det startar allereie i tittelen, GPVTS betyr ikkje anna enn General Practice Vocational Training Scheme. Men dei er heldigvis forklart i eit eige kapittel eg kontinuerleg måtte slå opp i.

Boka vert for engelsk og for personleg til at ho kan ha eit norsk publikum for den bruken ho er skriven for. Likevel ser eg ei norsk målgruppe som kan ha stor nytte av den; grupperettleiarane i allmennmedisin og personar i organisasjonar og akademi som er opptatt av spesialistutdanninga i allmennmedisin. Ikkje minst er det interessant lesnad når vi skal utvikle eit konsept for fastløna og definerte utdanningsstillingar i faget vårt.

For den som vil analysere forskjellar, er her nemleg mykje å lære. Den norske utdanningsmodellen er prega av dokumentasjon av aktivitetar, ikkje kva ein har lært eller kan. Det er tankevekkjande å lese om det læringstrykket dei engelske legane er utsett for; omfattande opptaksprøver berre for å starte som utdanningskandidat, omfattande mappeevalueringar, 24 observerte konsultasjonar, 24 intervju om kliniske problemstillingar, dokumentasjon av prosedyrar og omfattande avslutningseksamen både klinisk og teoretisk. Som eksempel kan eg nemne at det inngår berre 12 obligatoriske legevakter i utdanningsprogrammet. Men for kvar av dei skal det vere ein erfaren personleg rettleiar til stades kontinuerleg under vakta, og det skal skrivast rapport etter kvar vakt. Rapporten skal sendast til den nettbaserte utdanningsportalen, den inngår i mappeevalueringa, og den skal omtale erfaringar, kva ein har lært, og identifisere læringsmål for dei neste vaktene.

Som i ei rekkje andre land vi burde samanlikne oss med, har også England søkelys på eit dokumentert resultat av spesialistutdanninga. Skal vi lukkast med å få gode fastlegar i framtida, må vi utdanne dei betre enn no. Da må det kliniske læringstrykket opp, den kliniske effektiviteten ned og søkelyset må rettast mot å oppnå definert kompetanse – framfor dokumentasjon av kor ein har opphalde seg i fem år. Denne boka gjev eksempel og viser veg.

Anbefalte artikler