Grunnbok i sosialmedisinsk praksis, teori og ideologi

Kristian Hagestad Om forfatteren
Artikkel

Mæland, John Gunnar

Haug, Kjell

Høyer, Georg

Sosialmedisin

2. utg. 293 s, tab, ill. Oslo: Gyldendal Akademisk, 2011. Pris NOK 585

ISBN 978-82-05-39915-0

Førsteutgåva i 2004 representerte ei fornying av læreboktilbodet i faget (1). Den nye utgåva er meir enn ein oppdatert versjon. To av fire redaktørar er bytta ut, fleire nye forfattarar er komne til. Stoffet er omredigert og komprimert; sidetalet er redusert frå 442 til 293. Redaktørane har lykkast med å unngå unødige gjentakingar. Bergensprofilen er styrkt, halvparten av 14 forfattarar har si fagtilknyting der.

Boka er logisk bygd opp med seksten kapittel, fordelte på tre hovuddelar: Sosialmedisinens grunnlag, Det norske velferdsapparatet (huff, for eit ord!) og Sosialmedisin i praksis. Kvart kapittel har innleiingsvis ein kortfatta ingress. I tekstboksar på farga bakgrunn gir forfattarane detaljert informasjon om avgrensa tema. Tabellar, diagram og figurar er informative. I tillegg til litteraturreferansar blir kvart kapittel avslutta med anbefaling av to til tre titlar for vidare lesing.

I innleiingskapitlet skisserer forfattarane tre sosialmedisinske kjerneområde: innverknad av sosiale tilhøve på risiko for helsesvikt; sosiale konsekvensar av svekka helse, både for samfunnet og for enkeltmennesket, og fordeling og funksjon av velferdsordningane.

I tillegg til å formidle faktakunnskap har boka ei gjennomgåande verdimessig forankring i den nordiske velferdsstaten med offentlege, solidariske og universelle ordningar. Forfattarane åtvarar mot auka sosioøkonomiske skilnader og fragmentering av velferdssystemet. Omsynet til svakstilte grupper er ein raud tråd. Etter mitt syn er den klare ideologiske profilen ein styrke, i pakt med Einar Førde si erkjenning av at når det kjem til stykket, så er vi alle sosialdemokratar.

Kapittel 6 om dei norske helse- og omsorgstenestene – der assisterande helsedirektør er medforfattar – er oversiktleg og føregrip delvis samhandlingsreforma og ny helselovgiving frå 2012. Men eit par stader er framstillinga diskutabel eller direkte feil. På side 100 finn ein omgrepet «kommunelege I». Det bør anten heite «kommunelege» – det ordet ein finn i lovgivinga – eller «kommuneoverlege», som i dag er kommunal stillingstittel. På same side er helsestasjon, skolehelseteneste og helseopplysning nemnt under overskrifta Samfunnsmedisinsk førstelinjetjeneste. Desse oppgåvene er i høg grad også del av allmennmedisinske arbeidsfelt, noko som bl.a. blei slått fast ved innføring av fastlegeordninga. Verre er det når ein på side 105 les at offentleg tannhelseteneste inngår i ansvaret til spesialisthelsetenesta og dei regionale helseføretaka. Denne oppgåva blei verande i fylkeskommunen i 2002, da spesialisthelsetenesta flytta ut.

I kapittel 15 om det fleirkulturelle samfunnet saknar eg ei nærare omtale av dei «papirlause», dei som ikkje har gyldig opphaldsløyve i landet. Dette er ei av dei svakaste og mest sårbare gruppene i samfunnet, ikkje minst når det gjeld tilgang til helse- og omsorgstenester.

Boka kan anbefalast både for studentar og for andre som ønskjer ei lettlest og oppdatert innføring i det sosialmedisinske fagfeltet. Vinklinga er i særleg grad tilpassa situasjonen i allmennmedisin.

Anbefalte artikler