Ei moderne andaktsbok

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Einhorn, Stefan

Medmennesker

205 s. Oslo: Cappelen Damm, 2011. Pris NOK 299

ISBN 978-82-02-33734-6

Ein del sanningar er så sjølvsagte at vi nettopp av den grunn har lett for å gløyme dei. Ei slik sanning er det at vi alle er medmenneske. Frå før fødselen til etter vår død betyr vi noko for andre menneske. Denne boka handlar om nettopp det. Forfattaren er professor ved Karolinska Institutet og overlege ved Radiumhemmet. Han er opptatt av etikk, har hatt stor suksess med bøkene Kunsten å være snill (1) og Veier til visdom (2), og blir ofte nytta som føredragshaldar i Sverige.

Denne boka er verken ei fagbok, ei essaysamling eller ei novellesamling. Den vender seg til eit allment publikum, er lettlesen, narrativ i si form, fortel fiktive historier som forfattaren så reflekterer over, til saman tolv lesestykke. Sjølv om innhaldet ikkje er spesifikt religiøst, får eg assosiasjonar til ei god, gammaldags andaktsbok.

Her er verken emne- eller stikkordregister. Ingen illustrasjonar, få referansar til annan litteratur. Store emne blir omhandla, nærast på ein stikkordprega måte: Vi er våre relasjonar, mennesket er både godt og vondt, vi kan ikkje bestemme på førehand kva konsekvensar våre handlingar vil få, det er stor kraft i å tilgi, det både lønner seg og er naturleg for dei fleste menneske å vere gode mot kvarandre. Denne lista kunne eg ha gjort mykje lenger.

Når eg les, møter eg ein klok, varmhjarta og engasjert forfattar. Fortellingane hans er fiksjon, men har ofte eit realistisk preg, ikkje minst når dei hentar emne frå medisinsk praksis. Dei er ikkje stor skjønnlitteratur, dei er overtydelege i sin bodskap, eg får assosiasjonar til det vi produserte på gymnaset, når eg les. Forfattaren seier sjølv at han er takksam for den hjelpa han har fått til å skrive skjønnlitteratur. Kanskje han skulle ha bedt om meir hjelp.

Alt som står i boka, er rett og sant. Det er ikkje ei bok du må lese. Men om du likevel gjer det, vil du kunne risikere å få ny og viktig innsikt om det å vere medmenneske.

Anbefalte artikler