Mindre impetigo og mindre fusidinresistens

Sverre Rørtveit Om forfatteren
Artikkel

Den europeiske fusidinresistente impetigoklonen av gule stafylokokkar er i minking. Det viser ein ny studie frå Austevoll.

I starten av 2000-talet var det kraftige oppblomstringar av impetigo i dei skandinaviske landa og på dei britiske øyane. Mikrobiologiske studiar viste at impetigo på begge sider av Nordsjøen var relatert til ein ny fusidinresistent klon av gule stafylokokkar, som fekk nemninga «epidemic European fusidic acid-resistant impetigo clone» (EEFIC).

For å følgje prevalensen av infeksjonssjukdommar og endringar i bakterielle årsaksfaktorar i populasjonar er det naudsynt med studiar frå allmennpraksis. I 2001 starta kommunelegetenesta i Austevoll ein prospektiv studie av all impetigo i kommunen, i samarbeid med Universitetet i Bergen, Haukeland universitetssjukehus og Allmennmedisinsk forskningsenhet i Bergen (1).

Me dokumenterte epidemiske utbrot av impetigo på ettersommaren i åra 2002 – 04 (2). Nyleg viste me at insidensen etter den tid har vore sterkt minkande (3). Gule stafylokokkar er vanlegaste årsak til impetigo. I studien vår var stafylokokkane fusidinresistente i om lag 80 % av tilfella i epidemiåra, men i berre 45 % av tilfella i åra 2008 – 09 (3). Dei to siste åra av studien gjorde me også molekylære undersøkingar. EEFIC var generelt i sterk minking som bakteriologisk årsak til impetigo, men var oftast årsak når gule stafylokokkar viste fusidinresistens.

Anbefalte artikler