Nokre tankar frå ei nattevakt

Jeanette Bjørke-Bertheussen Om forfatteren
Artikkel

Midt på natta. «Pip, pip!»Du vil skrive deg ut, NO! Frivillig innlagt, lèt deg ikkje overbevise om å bli.Sjukehistorie: kronisk paranoid, samarbeider dårleg. Uff da…Traskar gjennom tomme korridorar. «Klikk, klakk».Første møte: Du står med posane pakka og klar til å reise.Samtalen går ikkje bra. Eg når ikkje gjennom. Du stoler ikkje på meg, på oss, på sjukehuset.Eg kjenner at dette greier eg ikkje å stå i åleine. Du vil ut. Personalet er redd for kva som skjer om du blir nekta å reise. Eg søkjer tryggleik i bakvakt. Uaktuelt at du får reise under slike omstende. Du må haldast på naudrett.Hentar deg inn igjen for å overbringe beskjeden om at du må bli.Røsta di blir høg, adrenalinen er tjukk i lufta.Plutseleg kjem du mot meg!Dunk-dunk-dunk-dunk-dunk. Hjartet mitt er i halsen.«No slår du til meg! Rekk eg å løyse ut alarmen? Går du først på meg eller sjukepleiaren? Håpar sonen min søv trygt. Blir det vondt? Kor langt er det til døra?»Retrett baklengs ut døra, der står meir personale.Luskar ut av avdelinga.Emmen smak i munnen. Hjartet dunkar framleis. Eg er redd, nesten på gråten redd.Så slår det meg: Så enormt redd du er!

Dette er tankar eg gjorde meg under ei nattevakt på psykiatrisk klinikk.

Opplevinga sit i meg. Kvifor det?

Det første som slår meg, er at det er naturleg å bli redd og få fryktreaksjon med alle autonome aktiveringar når ein føler at ein er fysisk truga av nokon. Eg har aldri blitt angripe før, og eg trur dette er det næraste eg har vore. I denne situasjonen var eg fysisk klart underlegen pasienten, og eg kjende kor sårbar eg var. Men den kjensla gjekk fort over.

Det som sat igjen var ei djup kjensle av avmakt og hjelpelausheit.

Avmakt over at orda mine ikkje strakk til. Som lege og psykiater er eg vant med å kunne bruke ord for å nå inn til folk, skape dialog og forståing begge vegar. Men denne natta blei pasienten berre meir provosert og mistruisk jo meir eg prøvde å seie. Når ein ikkje har ord som kan skape bru mellom seg sjølv og pasienten, kva har ein då igjen?

Hjelpelausheiten eg kjende, trur eg var både min og pasienten sin. Pasienten prøvde fortvila å få oss til å forstå kvifor han måtte heim, men opplevde sikkert som eg at orda ikkje var til nytte. Han fekk bekrefta at han ikkje kunne stole på oss, og same kva han sa høyrde ikkje eg på han. Eg tenkjer at han prøvde å hjelpe seg sjølv så godt han kunne i den situasjonen han var i, utan at han lukkast.

Kjensla av ikkje å vite korleis eg kunne få kommunisert med pasienten, sat som ein klump i magen. Eg var hjelpelaus i høve til å finne ei opning, ein relasjonsbyggande, tillitsskapande gest overfor denne pasienten. Det var nesten som om eg hadde pasienten sitt liv i hendene mine, så intens var redsla hans og det inderlige ønsket om å reise heim.

Ingenting av det eg har lært eller erfart (så langt) gjorde nokon skilnad i denne situasjonen. Korleis legg ein frå seg noko slikt når ein hengjer av seg legefrakken og kjem heim til familien?

Anbefalte artikler