Parkinsons sjukdom og demens

Anne Forus Om forfatteren
Artikkel

MR-analysar viser at auka ventrikkelsystem i hjernen kan vere med på å forklare utvikling av demens hjå pasientar med Parkinsons sjukdom.

Turi Olene Dalaker. Foto Tom Galta

Parkinsons sjukdom er ein kronisk nevrologisk liding som påverker både motorikk og kognitiv funksjon. Sjukdommen rammar for det meste eldre og inneber auka risiko for demensutvikling. Demens har ei rekkje negative konsekvensar for både pasient og pårørande. Mild kognitiv svikt er nedsett evne til å tenkje, hugse, oppfatte og lære, men evna er ikkje så sterkt nedsett at det går utover daglegdagse aktivitetar. Mild kognitiv svikt kan vere eit tidleg teikn på at pasienten er i ferd med å utvikle demens. Det er naudsynt å kartleggje alle stadium av demens ved Parkinsons sjukdom, sidan dette kan gje kunnskap med tanke på førebygging. Turi Olene Dalaker har studert MR-bilete frå deltakarar i ParkVest-studien for å sjå om desse kan avdekkje endringar i hjernen som kan forklare mild kognitiv svikt i ein tidleg fase av sjukdommen.

– Automatiske kvantitative metodar viste at vaskulære cerebrale patologiske endringar spelar lita rolle i tidleg kognitiv svekking hos pasientane. Volumanalysar viste ikkje uttalt atrofi, men vi fann at pasientar med mild kognitiv svikt hadde auka ventrikkelsystem samanlikna med kontrollpersonane. Dette kan vere tekn på ein viss grad av nervecelledød i hjernestamme, midthjerne og temporallappar. Vidare forsking bør omfatte utvikling av analysemetodar som kan gje oss meir informasjon om desse delane av hjernen ved Parkinsons sjukdom, seier Dalaker.


ParkVest-studien: Multisenterstudie som omfattar pasientar i Vest- og Sør-Noreg som nyleg har fått påvist Parkinsons sjukdom samt helsepersonell og kontrollpersonar med same alders- og kjønnsfordeling. I denne studien er det gjort MR-undersøking av 189 pasientar og 109 eldre kontrollpersonar. Desse skal følgjast over ein periode på ti år. MR-bilete av eldre kontrollpersonar og pasientar er analyserte i samarbeid med Buffalo Neuroimaging Analysis Center, Buffalo, NY, USA.

Anbefalte artikler