Sentrale tema i medisinsk etikk

Reidun Førde Om forfatteren
Artikkel

Lynöe, Niels

Juth, Niklas

Medicinska etikens ABZ

411 s, ill. Stockholm: Liber, 2009. Pris SEK 398

ISBN 978-91-47-09413-4

Det er rart at ei slik bok ikkje er blitt gitt ut før. Rett nok fins etikkoppslagsbøker på engelsk, men denne boka er tilpassa ein skandinavisk, og i hovudsak svensk kultur. Dette er ein styrke og ein svakheit, sett frå ein norsk ståstad. Målgruppa er helsepersonell med lang fartstid i klinikken, men også helsefagsstudentar og den interesserte allmenta. Førsteforfattar er allmennpraktikar og professor i medisinsk etikk, den andre er filosof. Boka er ein ambisiøs freistnad på, i eit forståeleg språk, å presentere og problematisere sentrale tema i den medisinske etikken. Forfattarane har langt på veg lukkast i dette, sjølv om det nokre stader også finst vanskeleg språk. Sentrale poeng er illustrert med enkle, ofte morosame, teikningar. Etter kvart oppslagsord er det referansar til det som er gjennomgått i teksten. Boka er såleis eit forsøk på å byggje bru mellom teori og praksis ved å gi klinikarar som står overfor etiske dilemma og som ønskjer seg innsikt i etikktenking, kunnskapar om sentrale begrep og tradisjonar innan etikk og moralfilosofi. Den innheld også mykje stoff på feltet forskingsetikk og vitskapsteori og vil derfor kunne vere eit nyttig oppslagsverk for nye medlemmer av regionale forskingsetiske komitear.

I høve til sin sentrale plass i helsetenesta har kliniske etikktema fått relativt liten plass. Til dømes er Machiavelli presentert over to og ein halv spalte, men arbeidet til kliniske etikkomitear er så vidt nemnt. Eit anna døme på dette er informasjonen sin plass i den kliniske etikken. Dette temaet er ikkje så utdjupande behandla som det sentrale og vanskelege temaet det faktisk er i klinisk praksis i dag. Men dette er ingen alvorleg innvending. Kva ein legg vekt på, vil alltid bli prega av dei som gjer utvalet! Likevel er eg usikker på om dette blir eit mykje brukt oppslagsverk for klinikarar, då heller eit nyttig oppslagsverk for personar som syslar med ulike former for etikkarbeid, også medlemmer av kliniske etikkomitear.

Fordi dette er ei alfabetisk oppslagsbok, vil teksten alltid framstå med eit objektivt preg. Derfor er ei meir alvorleg innvending at forfattarane nokre stader så tydeleg har latt eigne verdiar prege det dei skriv. Eit slikt eksempel er til dømes teksten om eutanasi og erfaringar frå praksis i Nederland. Her er til dømes eutanasi beskrive med følgjande formuleringar: «genom at läkaren gjer sådan behandling att patienten dör en smärtfri död.» Det siste kan like gjerne beskrive god dødspleie eller lindrande sedering. Avsnittet om aktiv dødshjelp er også diverre uklart med omsyn til definisjonar. Aktiv og passiv dødshjelp og smertestillande behandling som etiske dilemma er sausa saman. Desse omgrepa er vanskelege nok som dei er, om ikkje eit oppslagsverk i etikk skal bidra endå meir til forvirringa. I ei seinare utgåve av boka bør slikt rettast opp.

Anbefalte artikler