Mykje godt og litt å pirke i om analysar og diagnostikk

Steinar Hunskår Om forfatteren

Stokke, Oddvar

Hagve, Tor-Arne

Undersøkelser ved sykdom

240 s, tab, ill. Oslo: Gyldendal Akademisk, 2010. Pris NOK 430

ISBN 978-82-05-32366-7

Dette er bok nummer tre i ein serie på fem i kunnskapspakken «37°» som er skriven for dei medisinske faga i grunnutdanninga i sjukepleie. Boka er todelt. I den første delen tek forfattarane for seg alle slags medisinske undersøkingar, frå klinisk kjemi, via immunologi, mikrobiologi, patologi og genteknologi, til undersøkingar av nokre organsystem (hjarte, lunge, mage-tarm) samt eigne kapittel om biletdiagnostikk og legemiddelanalysar. I den andre delen dreier det seg om diagnostikk ved sjukdom, ordna i kapittel for åtte ulike organ, organsystem og problemstillingar. Dei to redaktørane har hatt hjelp frå om lag 15 medforfattarar.

Eg synes den første delen er klart den beste. Både systematikken, ambisjonsnivået og innhaldet er fullt ut tilfredsstillande for målgruppa. På få sider innleiingsvis får studentane også ei fin innføring i tolking av klinisk-kjemiske laboratoriedata, med tema som analytisk og biologisk variasjon, referanseområde samt kliniske intervensjonsgrenser. Det kliniske motstykket, sensitivitet, spesifisitet og prediksjonsverdiar ved testar og undersøkingar, er derimot ikkje dekka, og det synes eg er ein mangel ved ei moderne lærebok som denne. Det er litt varierande detaljspesifikasjonar: Av og til er aldersspesifikke referanseverdiar oppgitt, andre gongar ikkje. Krav om kjent kreatininverdi før røntgenkontrastundersøkingar fann eg ikkje. Prosedyrar og førebuingar til undersøkingar er stort sett godt omtalt.

Den andre delen, som er meint å skulle gje studenten innføring i kva undersøkingar ein bruker ved ulike kliniske problemstillingar, har diverre meir varierande kvalitet. Dels blir det ein god del repetisjon av stoff frå den første delen, dels blir det for enkelt når ein skal ha kort omtale om anamnese og klinisk undersøking for heile organsystem samla, og dels blir mange kapittel prega av indremedisinsk tilnærming. Denne delen framstår også som meir ujamn i læringsnivået pga. mange ulike forfattarar, sjølv om innhaldet i kvart kapittel held mål fagleg sett. Det er ein del manglande kryssreferansar mellom delane, til dømes er EEG omtalt i begge delar utan gjensidig sidetilvising, og det verkar rart at PSA ikkje er nemnt i utgreiing av urinvegssjukdommar (urinsediment har ei halv side).

Layouten er tiltalande med to spalter, mange gode tabellar, figurar og bilete. Namnet på kvar klinisk-kjemiske analyse burde vore meir framheva, dei er litt vanskelege å sjå. Merkeleg nok har SR og CRP fått sitt eige overskriftsnivå.

Alt i alt er dette nyttig for målgruppa. Boka bør også ha ein marknad på fastlegekontora og i pleie- og omsorgstenestene i og utanfor institusjon, der helsesekretærar, sjukepleiarar og andre kan ha trong for oppdatering eller fakta for å informere pasientar eller pårørande.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler