()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    I Tidsskriftet nr. 16/2010 (1) undrar Gunnar Saunes seg over at nokon, inkludert underteikna, har tru på menneskeskapt klimaendring etter «… jukset som har kome fram med Climategate, Himalayagate og Hurricanegate».

    Til dette vil vi nemna at fem ulike granskingar har konkludert med at kunnskapsgrunnlaget for menneskeskapt klimaendring ligg fast og at juks ikkje har skjedd. Den siste av desse granskingane vart publisert i juli 2010 (2). Denne og andre granskingar er omtala på leiarplass i New York Times 9. juli i år (3).

    Vidare har ein omfattande rapportserie frå National Academy of Sciences ikkje berre stadfesta samanhengen mellom menneskeskapte utslepp av klimagassar og global klimaendring, men også åtvara mot auka risiko for havstiging, tørke og sjukdommar samanlikna med det som er nedfelt i siste rapport frå FN sitt klimapanel (4).

    Det er såleis ikkje eit spørsmål om tru, men ei samla vurdering av eksisterande kunnskap, når klimaforskarar verda over åtvarar mot dei alvorlige konsekvensane som kan ventast som fylgje av menneskeskapt klimaendring.

    PDF
    Skriv ut
    Relaterte artikler

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media