Norsk helseforvaltningshistorie

Kristian Hagestad Om forfatteren
Artikkel

Berg, O.

Spesialisering og profesjonalisering

En beretning om den sivile norske helseforvaltnings utvikling fra 1809 til 2009. Del 1: 1809 – 1983 – Den gamle helseforvaltning. 503 s, tab, ill. Oslo: Statens helsetilsyn, 2009. Gratis

ISBN 978-82-90919-14-1

I 2009 var det 200 år sidan Noreg fekk si eiga nasjonale helseforvaltning. Under napoleonskrigane med blokade av norske hamner fann styresmaktene i København det nødvendig å opprette Det Kongelige norske Sundheds-Collegium i Christiania. Det skulle vere ei mellombels ordning. Men den vidare historiske utviklinga med avkutting av banda til Danmark og (tilnærma) innarikspolitisk sjølvstyre frå 1814 gjorde at det går ei ubroten line frå Sundheds-collegiet i 1809 fram til sentrale organ i norsk helseforvaltning i vår tid.

Boka er blitt til etter initiativ frå eitt av desse organa. Statens helsetilsyn ved direktør Lars E. Hanssen bad våren 2008 Ole Berg – professor i helseadministrasjon ved Universitet i Oslo – om å skrive historia til Helsetilsynet. Berg tok utfordringa, gjekk laus på oppgåva med velkjent grundig arbeidsform og entusiasme. Han fann at temaet ikkje kunne avgrensast til Helsetilsynet aleine, men måtte femne heile den nasjonale helseforvaltninga. Del 1, som akkurat rakk å bli ferdig til jubileumsseminaret 1. november 2009, går fram til 1983. Planen er at del 2 skal følgje (det gamle) Helsedirektoratet og seinare Helsetilsynet frå 1984 fram til 2009. Den nyaste historia til departementet og (det nye) Helsedirektoratet vil Berg komme tilbake til seinare.

Forfattaren har gjennomgått eit omfattande materiale av skriftlege kjelder; arkivstoff, offentlege trykksaker og forskningspublikasjonar. I tillegg har Berg intervjua meir enn 30 personar. Litteraturlista aleine fyller 12 sider. Namneregisteret går over åtte sider med to spaltar. Talet på notar når opp i 741. Som anmeldar minte éin av notane meg om eit brev som for lengst var gått i gløymeboka, som eg hausten 1975 skreiv til sosialkomiteen i Stortinget på vegne av studentane ved Bygdøy-kurset med skarpe kommentarar til stortingsmelding nr. 9 (1975 – 76).

Få vil lese boka samanhengande frå første til siste side. Mange vil nok som anmeldaren raskt finne fram til stoff som vekkjer særleg interesse, gjerne frå nyare tid med hendingar og personar ein sjølv har nær innpå livet. Det er også dei siste tiåra som fyller mesteparten av sidene. Etterkrigstida (fram til 1983) utgjer to tredelar, perioden 1972 – 83 står for halvparten. Men før ein startar «plukklesing», bør ein ta seg tid til – og unne seg gleda ved – å studere innleiingskapitlet. Forutan eit grovriss av den historiske utviklinga presenterer Berg her det teoretiske rammeverket han har lagt til grunn for si forståing og tolking av det innhenta materialet. Éin dimensjon er skiljet mellom dei fire styrings- og forvaltningsregima: Medikrati (legestyre), rettsstat og rettsforvaltning (jurokrati), nyttestat og nytteforvaltning (økokrati) og den politiserte staten (politokrati). Berg har ein skarp penn med evne til spissformuleringar, som når han slår fast: «Politikerne fremstår slik som provinsielle amatører, i kontrast til de, i prinsippet, almeninteressemotiverte styringseksperter, juristene og økonomene.»

Det sidetunge og innhaldsrike verket er gitt ut som Helsetilsynets rapport nr. 8/2009. Omslaget er mjukt som på andre rapportar i serien, men innbindinga verkar solid. Denne gullgruva av helseforvaltningshistorisk stoff fortener vid utbreiing blant alle med interesse for utviklinga av det norske helsevesenet. At boka attpåtil er gratis, gjer dette til eit tilbod mange bør nytte seg av!

Anbefalte artikler