Ei annleis bok om allmennmedisin

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Petterson, C.

Allmänmedicinens vardag

Mitt i det mänskliga. 319 s, tab, ill. Lund: Studentlitteratur, 2009. Pris SEK 369

ISBN 978-91-44-04867-3

Dette er ei bok om allmennmedisin generelt, og svensk allmennmedisin spesielt. Forfattaren har vore i faget i 27 år. Etter å ha nådd eit kritisk punkt i sitt profesjonelle liv fekk han eit «akut behov av distans» med påfølgande trong for å tenke gjennom meininga med allmennlegerolla si. Han oppsøkte åtte legar, ein psykolog og ein idéhistorikar, intervjua dei, og sette svara deira opp mot eigne refleksjonar. Resultatet har blitt ei bok på 12 kapittel som spenner over store emne som legerollen generelt, arbeidsvilkåra til allmennlegane, generalisten versus organspesialisten, ulike aspekt ved kunnskapsomgrepet og bruk av skjønnlitteratur som kjelde til kunnskap om pasienten.

Det meste av det som står i boka er lett å kjenne igjen frå debatten om allmennmedisin her i Noreg. Forfattaren insisterer på betydninga av lege-pasient-møtet, betydninga av å kjenne både pasienten, familien og miljøet kring pasienten, og at kvar pasient har sine individuelle særtrekk. Forfattaren har ei allmennfilosofisk tilnærming til emnet, med vekt på dei humanistiske, ikkje-teknologiske aspekta ved faget, og han referer både til Aristoteles og Wittgenstein. Han kjem ofte tilbake til skjønnlitteraturen som inspirasjonskjelde, og kapitlet om skjønnlitteratur som veg til kunnskap er både innsiktsfullt, godt disponert og godt skrive.

Kvifor skriv allmennlegane bøker om allmennmedisin når organspesialistane ikkje gjer det same om sine fag? Forfattaren meiner dette kjem av at det er sjølvinnlysande at organspesialitetane er meir prestisjefylte enn allmennmedisinen. Allmennlegane må grunngi og forsvare eksistensen sin. Behovet for organspesialistar vil ingen dra i tvil. Det eksisterer eit organhierarki der hjarte og hjerne er på toppen, og allmennmedisinen – faget utan eit eksklusivt organ- er dømt til å ligge på botnen. Eg meiner ein bør legge bort dette prestisjesnakket. For det er langt på veg oppkonstruerte myter som eksisterer primært i fagfolks fantasiar, ikkje elles. Det er ingen grunn til å vere bekymra for allmennmedisinen. For den vil alltid bli etterspurt som det faget som på mest grunnleggande vis forvaltar den tradisjonelle legerolla og legekunsten.

Christer Petterson er både ein analytisk og engasjert observatør med omsyn til sitt eige fag. Det redaksjonelle grepet med å intervjue ti personar om dei same problemstillingane gir mange – kanskje for mange – svar til ettertanke. Han kunne gjerne redusert antalet intervjuobjekt. Slik boka framstår no, blir ho litt rotete og med ymse gjentakingar. Det hjelper heller ikkje på oversikten at stikkordregister manglar. Ei noko strammare redigering ville gjort boka meir lesarvennleg og poengtert.

Dette er likevel smårusk. Kollega Petterson frå grannelandet har levert eit godt stykke arbeid og gitt eit framifrå bidrag til allmennmedisinsk fagutvikling også i landet vårt.

Anbefalte artikler