Framifrå lærebok om sosial rettferd

Anmeldelser
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Underlid, K.

    Sosial rettferd

    Fattigdom og rikdom i det moderne Noreg. 351 s, ill. Oslo: Det norske samlaget, 2009. Pris NOK 429

    ISBN 978-82-521-7353-6

    Kva er rett og kva er rettferd, og spesielt – kva er sosial rettferd? Korleis har dei rike og dei fattige det i Noreg i dag? Den siste av dei tre delane i denne boka handlar om kva forfattaren meiner om rettferd ved økonomisk ulikskap sett i høve til dei filosofiske syna som han presenterer i den første delen.

    Dette er ei framifrå lærebok for sosial- og helsefag, særleg på høgskolane, men òg av stor interesse for mange andre. Vil du ha ei kort og klår innføring i rettferdslæra til Aristoteles eller John Rawls, er ganske visst del I den beste kjelda du kan finne på norsk. Er du ute etter dei tre intervjuundersøkingane av rike folk i Noreg, treng du del II, som framfor alt gir mykje og bra stoff om livsvilkåra til dei fattige. Her kan stoffet verke omfangsrikt. Forfattaren har valt mykje fra si eiga mangeårige forsking, men han går òg gjennom mykje anna forskingsstoff og verdfull statistikk.

    Han viser klårt frå starten at han er tilhengjar av den filosofiske retninga dialektisk materialisme. Hans eige syn viser seg knapt i dei to første delane, som er godt avbalanserte. Gjennomgangen av filosofien om rettferd frå Platon til Rawls, Nozick og Barry i vår tid er imponerande. I den tredje, polemiske delen held han seg til den filosofiske retninga som meiner at rettferd finst i røynda, som ei kjensle blant folk, ikkje berre som ulike meiningar. Setter vi oss inn i levekåra til den fattigaste tidelen av hushalda i det velståande Noreg, vil mange av oss finne desse levekåra urettvise.

    Særlig to framlegg til reform vert drøfta. Vi bør ha eit inntektsgolv over fattigdomsgrensa, for eksempel den grensa som Statens institutt for forbruksforskning sett for eit aktivt liv. Å heve satsane for sosialhjelp dit ville koste omlag 3 milliardar kroner årleg. Om pengane til dette vart tekne frå den rikaste tidelen, ville rettvisa verte enda større, meiner forfattaren. Han går òg inn for eit inntektstak. Kor det skal liggje, må diskuterast, men kan hende hadde Platon ein god idé då han foreslo at dei rike ikkje skulle tene meir enn fire gonger inntekta til dei fattigaste.

    Sosial rettferd er klårt skriven på greitt norsk, kan hende litt ordrikt, men desto meir lettlesen. Ho er interessant lesnad for alle som er opptekne av sosial rettferd.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media