Kreftdiagnose fører til kosthaldsendringar

Anne Forus Om forfatteren
Artikkel

Kvinner som får kreft endrar kosten og et meir frukt og grønsaker enn kvinner som ikkje har hatt kreft. Dei drikk også mindre kaffi.

Guri Skeie. Foto Gerd S. Furumo

Dette viser Guri Skeie i avhandlinga Diet, dietary supplements and dietary change among cancer survivors and cancer-free women – the Norwegian Women and Cancer study and the European Prospective Investigation into Cancer and Nutrition.

Skeie har studert kosthald, bruk av kosttilskot og endringar i kosthaldet til kvinner som fekk brystkreft eller kreft i tjukktarm/endetarm. Ho har også samanlikna bruken av kosttilskot i ti europeiske land. I tillegg har ho sett på om dette har innverknad på overlevinga til kreftpasientane i Kvinner og kreft-kohorten.

– Vi ser at dei som fekk brystkreft, auka inntaket av frukt og grønt og reduserte forbruket av kaffi i større grad enn dei som ikkje hadde hatt kreft. Friske kvinner drakk mindre mjølk – men det gjorde ikkje kvinnene som hadde hatt tarmkreft. Endringane er positive for helsa, sjølv om kaffi ikkje påverkar risikoen for brystkreft og heller ikkje risikoen for tilbakefall, seier Skeie.

Ho viser også at bruken av kosttilskot varierte frå nord til sør i Europa: Norske og danske kvinner brukte nesten ti gonger meir enn dei greske. Resultata frå Kvinner og kreft-studien synte at dei som fekk lungekreft, levde lenger dersom dei hadde teke tran eller andre kosttilskot kvar dag før dei blei sjuke.

– Dette siste kan også vere eit resultat av andre faktorar som analysane våre ikkje tek omsyn til. Vi må forske meir på dette før vi veit om det er tranen som har denne effekten, seier Skeie.

Ho disputerte for ph.d- graden ved Universitetet i Tromsø 11.9. 2009.


Kvinner og kreft-studien: Blei starta ved Institutt for samfunnsmedisin ved Universitet i Tromsø i 1991. Dette er ein landsdekkande studie kor kvinner frå heile Noreg har fylt ut spørjeskjema om levesett, med fokus på bruk av p-piller, hormonbruk i overgangsalderen, kosthald (med spesiell vekt på inntak av fisk), solingsvanar og bruk av solkrem. Dei er også spurde om kreft i familien, mosjon, røykjevanar, sosiale forhold, svangerskap og fødslar m.m. I perioden 1991–2006 har over 170 000 kvinner i alderen 30–70 år fylt ut og returnert spørjeskjema til instituttet. Hovudfokus har vore samanhenger mellom livsstilen og risikoen for kreft. I 1998 blei Kvinner og kreft-studien innlemma i European Prospective Investigation into Cancer and Nutrition (EPIC). EPIC-studien er eit samarbeidsprosjekt mellom ti europeiske land (Spania, Italia, Frankrike, Hellas, Tyskland, Nederland, Storbritannia, Sverige, Danmark og Noreg).

Anbefalte artikler