Abort i legemiljø

Finn Egil Skjeldestad Om forfatteren
Artikkel

Mjaaland, M.

13. uke

279 s. Oslo: Gyldendal, 2008. Pris NOK 349

ISBN 978-82-05-37606-9

Marianne Mjaalands tredje roman vart gitt ut til 30-årsmarkeringa for abortlova i juni 2008. Romanen fokuserer på etiske, medisinske og følelsesmessige sider ved abortinngrep. Men han er også retta mot mange andre tema; tidsklemma for travle legar, legeekteskap, samliv, lojalitet, vennskap, utruskap og svik både familiært og i det indre liv på intensiv, kirurgisk og gynekologisk avdeling.

Vera Wiehe vart satt på skrapestua på sin første arbeidsdag på gynekologisk avdeling. Idet narkosen startar ombestemmer pasienten seg og ber om at inngrepet blir stansa. Vera overhøyrer utsagnet, og i den påfølgjande gynekologiske undersøkinga i narkose palperer ho ei livmor som er godt over 12 veker. Ho oppdagar systemfeil med at det ikkje er gjort kvalifisert gynekologisk undersøking etterfølgt av ultralydundersøking for å fastsetje svangerskapets lengde. Under tvil utfører ho inngrepet på tradisjonelt vis for første trimester svangerskapsavbrot – utan at ho har full blødningskontroll ved avslutninga av inngrepet. Pasienten blir derfor lagt på postoperativ intensivavdeling. Her ifrå rullar handlingane tett og vi møter dei andre personane i romanen.

Mjaaland, utdanna lege, kjenner sjukehusmiljøet godt. Språket og innhaldet fungerer best når ho skildrar aktiviteten på dei ulike avdelingane som handlinga er lagt til. Lesaren opplever Veras samvitskvalar med å ha gjennomført inngrepet til tross for at pasienten bad ho om å stanse, kvalane med at ho gjekk vidare med inngrepet då ho oppdaga at 12-vekersgrensa var langt overskride og uroa ho opplevde over blødninga som ikkje var under kontroll. I dette landskapet fungerer romanen. Idet romanen går over til å handle om Veras eige svangerskapsavbrot og dei illegale svangerskapsavbrota til hennar venninner, mistar romanen dybde. Disposisjonen er der. Ekteskapet mellom Vera og Axel har historie nok til at eit nytt svangerskap, planlagt (av den eine) eller ikkje-planlagt (av den andre), kunne gi nyanserte opplevingar av kor vanskeleg eit val er og kva for spørsmål Vera må ta stilling til før avgjerda om å avbryte eller fullføre svangerskapet. For Vera (og Axel) er det å etterleve arbeids- og barnehagetid i lange periodar meir enn nok og overskuggar dei vanskelege kjenslene som Vera slit med i fråvær av kommunikasjon med Axel om savn, lojalitet, utruskap og svik. I dette landskapet av eksistensielle situasjonar kunne Mjaaland ha ikledd sine personar verdifull innsikt i kvinners (versus menns) dilemma med å vurdere om ho skal fullføre eller avbryte eit «nytt» svangerskap, i ung eller moden alder. I dette perspektivet kjem ikkje romanen under huda til Vera eller venninnene hennar. Vera forblir som kirurgen, eit handlande vesen, som tek beslutningar utan at vi er tilstrekkeleg innvigd i bakgrunnen for vala.

Marianne Mjaaland har skapt debatt med romanen. Ho fekk Livsvernprisen i 2009 for «å ha bidratt til åpenhet om kvinners erfaringer og opplevelser tilknytttet svangerskapsavbrudd». Romanen gir ei god skildring av legemiljøet på godt og vondt, frå den største omsorga for pasientene, til samhald, rivalisering, makt og karriereutvikling. Tematisk gaper romanen over for mange store spørsmål, slik at hovudtemaet, mangfaldet i den sosiale konteksten der svangerskapsavbrot er eit reelt val, blir svekt.

Anbefalte artikler