Fotofattig atlas for allmennpraktikarar

Steinar Hunskår Om forfatteren
Artikkel

Usatine, RP

The color atlas of family medicine

1 095 s, tab, ill. New York, NY: The McGraw-Hill, 2008. Pris USD 100

ISBN 978-0-07-147464-1

Dette har eg gledd meg til – eit medisinsk atlas som illustrerer det store mangfaldet av tilstandar allmennlegen møter, tilstandar som kan fotograferast og illustrerast. Det finst jo ei rekkje organ- og spesialitetspesifikke atlas, men konseptet med det allmennmedisinske som ramme er godt tenkt og velkommen. Tradisjonelle atlas tek ikkje omsyn til den allmennmedisinske epidemiologien, dei er ofte prega av bilete av langtkommen sjukdom og «monstrøse tilfelle frå Afrika». Det er gjerne vanskeleg å finne typiske, gode illustrasjonar til vanlege tilstandar eg møter på fastlegekontoret, spesielt utanom hudsjukdommane.

Atlaset har 1 100 sider i storformat. Det første som slår meg, er kor liten del av alle trykkflatene som faktisk er foto og illustrasjonar. Dette framstår i staden som ei slags godt illustrert lærebok i amerikansk allmennmedisin, med mykje tekst om utgreiing, behandling, oppfølging og pasientinformasjon. Opplegget blir da frå norsk ståstad litt skuffande.

Hovudredaktøren er professor i allmennmedisin og dermatologi, og det forklarer truleg også at det er ei sterk slagside mot dei tradisjonelle hudsjukdommane. Der er 18 hovudkapittel med i alt 227 underkapittel, og kapittelet om huda står for 110 av underkapitla. Der er ekstra god omtale av dermatoskopi og kolposkopi. Utanom huddelen er det stor variasjon i kva som er dekka, bilete av tilstandar som bursitt, struma og tådeformitetar fungerer godt, men det manglar tema som varicer, brokk, hemoroidar og mange andre tilstandar eg gjerne skulle sett bilete av. Kva tre sider om hoftebrot gjer i atlaset, er vanskeleg å forstå.

The color atlas of family medicine har diverre inga stor målgruppe i Noreg.

Anbefalte artikler