Medikamentell kreftbehandling – biologi og klinikk

Anne Hansen Ree Om forfatteren
Artikkel

Airley, R.

Cancer chemotherapy

Basic science to the clinic. 341 s, tab, ill. Chichester: Wiley-Blackwell, 2009. Pris GBP 25

ISBN 978-0-470-09255-2

Ikkje skal eg vere påståeleg, men det kan da ikkje vere mange andre medisinske spesialitetar der ny basalbiologisk kunnskap så raskt kjem til direkte nytte i sjukdomsdiagnostikk og spesielt pasientbehandling som innan kreftfaget. Denne lettlesne læreboka for studentar innan farmasi, medisin og biomedisinske fag, skriven av universitetslærar i farmakologi, har som målsetting å vise korleis tumorretta medikament, både tradisjonelt cytotoksiske og nye biologiske substansar, blir brukt i moderne kreftbehandling. Den oppdaterte framstillinga omfattar også molekylærbiologiske mekanismar involverte i utvikling og progrediering av maligne sjukdommar samt strategiar for preklinisk og utprøvande klinisk bruk av nye kreftfarmaka. Såleis synest eg målgrupper for boka i enda større grad er utdanningskandidatar i onkologi og spesialistar som vil oppdatere seg innan feltet.

Strukturen i presentasjonen er for så vidt ikkje nyskapande, med innleiande kapittel om kreftsjukdommars epidemiologi og generell patogenese, som kan bli noko kjedeleg for ein som har kreftsjukdommar som arbeidsfelt. Men så tar framstillinga seg opp gjennom omtalen av biologiske mekanismar vedrørande onkogen og tumorsuppressorgen og metastaseringsprosessen. Dette er i og for seg ikkje ny kunnskap, men bakteppe for å kunne forstå verknadsmekanismar for cytotoksiske så vel som biologiske terapiprinsipp. Og så er det jo artig at framstillinga også bringer fram det historiske perspektivet innan desse fagfelta.

Som onkolog set eg pris på kapittelet, om enn noko overflatisk, som omhandlar multidisiplinære aspekt i kreftomsorga. For dei fleste solide tumorformer omfattar dette høgspesialisert helseteneste innan patologi, radiologi, kirurgi, farmasi, medisinsk fysikk, medikamentell behandling og strålingsonkologi og kreftsjukepleie. Grunnlaget for moderne kreftbehandling er tverrfagleg kunnskap! I denne samanhengen passar også omtalen av ulike modalitetar for evaluering av behandlingsrespons, inkludert biomarkøranalysar, sjølv om eg saknar referanse til nyare bioteknologisk innovasjon innan biomarkørar.

Dei ulike gruppene av klassiske cytotoksiske og endokrine medikament blir gjennomgått i lys av både velkjent og nyare kunnskap om cellulære verknadsmekanismar. Når det gjeld biologiske substansar (targeted therapeutics), er framstillinga grundig og oppdatert (til 2007) til å vere lærebok. Som døme kan eg nemne kapittel om angiogeneseinhibitorar, tyrosinkinaseinhibitorar, inhibitorar av intracellulære proteinkinasar, proteasominhibitorar og histon deacetylase-inhibitorar. Tumorhypoksi som biologisk fenomen (involvert i resistens mot cytotoksisk behandling så vel som i metastaseringsevna til tumorceller) har også fått plass.

Boka har fint, men ikkje lekkert paperbackdesign. Alle illustrasjonar er i svart-kvitt, sannsynlegvis av kostnadsgrunn. Enkelte av figurane finst også samla i fargeutgåve på glansa papir, men utan at det er opplagt for meg kva kriterium forfattaren har lagt til grunn for utvalet.

Dette er ei innhaldsrik lærebok i fagfeltet – arbeider du med kreft, løp og kjøp!

Anbefalte artikler