Bare til slutt er vi alle unike…

Reidar Kvåle Om forfatteren
Artikkel

Kvar tredje norske lege får ein nekrolog i Tidsskriftet. Medisinsk redaktør Erlend Hem etterlyser friare og ærlegare minneord (1). Han viser til britisk tradisjon, der nekrologforfattarane er profesjonelle skribentar som trekkjer fram også det gjennomsnittlege og det mindre flatterande når det har relevans. Dagfinn Gleditsch kritiserer Hem for omtalen av ein nekrolog i BMJ og maner til takt og varsemd i minneorda (2).

Dei fleste synest nok at minneorda bør vere vennlege og respektfulle, og at mindre positive sider ved avlidne ikkje treng nemnast. Eit nettsøk i minneorda i Tidsskriftet dei seinare åra gjev ingen grunn til å frykte britiske tilstandar i så måte. Vi er langt ute på motsett fløy. Gode vener og kollegaer skriv, og den overstrøymande rosen rår grunnen. Det florerer med formuleringar som «stor innsats», «sterk pådriver», «ledende aktør», «dyptgripende innflytelse», «høyverdige holdninger», «alltid tilgjengelig», «en nestor», «usedvanlig dyktig», «utpreget empatisk», «uvanlig kunnskapsrik», «utmerket». Hyppig vert også dei heilt store orda brukte: «banebrytende innsats», «fremragende», «en institusjon», «idealet av en medisiner», «et forbilde», «en ener», «enestående», «suverene kunnskaper», «alltid blid og vennlig mot alle», «best mulige diagnostikk og behandling».

Alle menneske har gode og dårlege sider, også legar. Vi dekkjer heile spekteret av personlege og profesjonelle eigenskapar, og det vanlege er vanlegast. Då er det påfallande at dei fleste minneorda i Tidsskriftet tilsynelatande handlar om kollegaer med eigenskapar og evner langt over gjennomsnittet.

Ofte er det som står skrive rett og slett usant. Ingen er «alltid blid og vennlig mot alle», og ingen av oss utfører regelmessig «best mulige diagnostikk og behandling». Og ein får inntrykk av at det ikkje held å gjere ein vanleg god innsats, vere alminneleg hyggjeleg, vere gjennomsnittleg flink og så vidare. Det vert paradoksalt nok nærast suspekt å skildre ein kollega slik dei fleste av oss no ein gong er. I tillegg representerer slik skriving ei forflating av språket: «banebrytende», «enestående» og «fremragende» er sterke vendingar ein bør spare til dei sjeldne tilfella.

Vi får ikkje mindre respektfulle og leseverdige minneord om ordbruken vert dempa noko. Vi ynskjer kanskje alle å vere unike når vi ein gong vandrar, medan Einar Skjæraasen i Danse mi vise, gråte min sang skreiv «Bare tel slutt er vi jamsis og like». Sanninga ligg kanskje ein stad imellom.

Anbefalte artikler