Pensum for ein fastlegeminister

Steinar Hunskår Om forfatteren
Artikkel

Verdens helseorganisasjon

Primary health care now more than ever

The world health report 2008. 119 s, tab, ill. Genève: WHO, 2008. Pris CHF 20

ISBN 978-92-4-156373-4

Dette er boka som på 100 sider i tiltalande layout klarer å overbevise lesaren om at tittelen held mål: Det er like viktig som før å bygge helsetenesta på ein grunnmur av primærhelsetenester, både i fattige og i rike land. Og tidspunktet kunne ikkje vore betre, sett med norske auge. Hausten 2008 har fastlegane forsøkt å få vind i segla sine, med internasjonal støtte (1). Og like før jul kom Helsedirektoratet med si tilråding om trong for 2 700 nye fastlegar (2, 3), ei tilråding helseministeren i prinsippet slutta seg til.

WHOs helserapport for året 2008 har altså primærhelsetenesta som tema, ikkje unaturleg ved 30-årsmarkeringa for Alma Ata-erklæringa (4). Dei seks oversiktlege kapitla er rikt illusterte med figurar og tabellar. Dette er boka som på grunnleggande vis og med oppdaterte referansar, grunngjev kvifor ein skal satse på primærhelsetenesta. Eg var skeptisk til om alle eksempla frå fattige land og land med mykje dårlegare helseteneste enn vi har, kunne fungere hos oss. Men det gjer dei så det susar. Her er prinsippa så generelle og utviklingstendensane så allmenne, at vi kjenner oss godt igjen. Rapporten slår fast at utan politikk og fast styring for å hindre det, er det tre viktige tendensar som underminerer primærhelsetenesta i alle land: Offentleg helseteneste med sjukehus og spesialistar i fokus, fragmentering, det vil seie fokus på enkeltområde framfor samla behov, og uregulert kommersialisering av helsetenester.

Her klarer ein å formidle at allmennpraksis eigentleg handlar om å sette pasienten i sentrum, inkludert kva det verkeleg kan bety for folk å ha den samme legen over tid. Ein lege som opparbeider seg kunnskap og erfaring om pasientane sine, opparbeider seg også ofte ein tillit som har stor verdi i behandlingsrelasjonen. Og WHO argumenterer faktisk sterkt for prinsippet om fastlegeordning, enten på geografisk eller personleg basis.

Denne boka er nyttig for legar i allmennpraksis, for samfunnsmedisinarar på alle nivå og for dei som er premissleverandørar gjennom faglege organisasjonar eller i forvaltninga. Og den tilhøyrer kjernepensumet for ein fastlegeminister og rådgjevarane hans.

Anbefalte artikler