Helse for nesten alle?

Kristian Hagestad Om forfatteren
Artikkel

Hogstedt, C

Moberg, H

Lundgren, B

Health for all?

A critical analysis of public health policies in eight European countries. 356 s, tab, ill. Östersund: Statens folkhälsoinstitut, 2008. Pris SEK 250

ISBN 978-91-7257-572-1

I 2003 vedtok Riksdagen ein omfattande strategi for den svenske folkehelsepolitikken med 11 definerte målområde. Boka er blitt til som ledd i oppfølging av denne. Folkhälsoinstitutet har gjennomgått sentrale dokument for folkehelsepolitikk i åtte europeiske land med særleg vekt på arbeid for helsemessig likskap og likeverd (equity), slik status var per 2006. Vitskaplege ekspertar frå kvart av dei åtte landa har medverka i prosessen. Norsk representant er Elisabeth Fosse ved HEMIL-senteret.

For den som er interessert i temaet helse og ulikskap, er det mye interessant stoff å finne. Rikhaldige referanselister gir god vegleiing til vidare lesing. Gode, men ikkje spesielt talrike, diagram og tabellar supplerer teksten.

Eitt kapittel for kvart av dei åtte landa utgjer tre firedelar av omfanget. Desse vil nok for dei fleste lesarane vere mest nyttige som oppslagsstoff, dersom ein skulle vere særleg interessert i situasjonen i til dømes Italia eller Nederland. Innleiings- og avslutningskapitla eignar seg meir for lesing frå første til siste side. Her finn ein gode oppsummeringar om prinsipp, definisjonar, metodikk, fallgruver og perspektiv innan fagfeltet helse og ulikskap. Som definisjon av «equity in health» blir det brukt den som er gitt av Society for Equity in Health: «The absence of systematic and potentially remediable differences in one or more aspects of health across population groups defined socially, economically, demographically, or geographically.»

Den politiske tilnærminga i ulike land kan delast i tre grupper: vektlegging av dårleg helse hos sosioøkonomisk svakstilte grupper (som i Italia), helseskilnader mellom ulike grupper (England) eller ein kontinuerleg helsemessig gradient gjennom heile befolkninga (Noreg). Medan Spania, Frankrike og Hellas ikkje ser ut til å ha nokon offentleg politikk knytta til helse og ulikskap.

Interessa for temaet helse og ulikskap har i seinare år fått ein renessanse i mange land. Denne boka gir eit europisk perspektiv på problematikken, og er eit fint supplement til publikasjonar om gradientutfordringa frå Helsedirektoratet her i landet. Men, som det lakonisk heiter i teksten, det har hittil vore meir fokus på status og årsaker enn på intervensjon.

Anbefalte artikler