Usikkert om klimaendringer

Gunnar Saunes Om forfatteren
Artikkel

I Tidsskriftet nr. 20/2008 påpeker Birger Valen at «Klimaet er kontrollert av interaksjon mellom hav, atmosfære, is, kontinent og levande organismar» (1). Han gløymer den vesentlegste faktoren: sola og den banen jorda til ei kvar tid har rundt ho. I vår opplyste tid innbiller vi oss at vi kan påverke klimaet ved å regulere utslepp av CO₂. Valen skriv at global oppvarming vil kunne føre til utbreiing av tropiske sjukdommer og tek fram mellom anna malaria som døme. Malaria er ikkje berre ein tropisk sjukdom. Myggen kan formere seg ved 15 °C. Det største malariautbrotet i moderne tid var i Sibir i 1920- og 30-åra da 600 000 døde av sjukdomen. Rike, utvikla land vert ikkje plaga med malaria sjølv om dei ligg langt sør på kloden, fordi myrer og stilleståande vatn vert drenerte, skogar kultiverte og område asfalterte. I Europa vart ein såleis kvitt myggen i ein periode då temperaturen steig – malaria forsvant med kapitalismen (2)! Valen påstår også at dei rike og industrialiserte landa sannsynlegvis har forårsaka global oppvarming ved energisløsing. Dette er ein i høgste grad udokumentert påstand. Vi har fått ein stabilisering av den globale temperaturen dei siste ti åra trass i ein jamn CO₂-auke. I den grad vi kan snakke om ein global temperatur, veit vi eigentleg kva som er den optimale globale temperaturen? Det vi veit er at klimaendringar har vi alltid hatt og vil sannsynlegvis alltid få. I all historisk tid har det vore dei kalde periodane som har truga livet på jorda, ikkje dei varme.

Anbefalte artikler