Ose Velle & Halvorsen svarar:

Helge Ose Velle, Bjørn Arild Halvorsen Om forfatterne
Artikkel

Takk for kommentar til artiklane våre. Vi kan roe våre kollegaer med at vi bryr oss om hjernen også! Vi var under arbeidet med artiklane godt kjende med forsking gjort ved Rikshospitalet omkring embolisering til hjernen ved invasiv koronar angiografi (1). Det er mogeleg at vi burde ha kommentert dette. Forskinga er likevel ikkje eintydig når det gjeld i kor stor grad cerebral embolisering i samband med kateterisering fører til klinisk betydningsfulle hjerneinfarkt. Enkelte studiar av relativt ny dato tyder på at dette ikkje skjer i vesentleg grad (2, 3). Dette i motsetnad til den godt dokumenterte risikoen for hjerneskade i samband med hjartekirurgi (4). Vi har sjølvsagt stor sans for argumentasjonen til Lund & Russell om at også små hjerneskadar kan ha stor betydning for pasienten. Dei funna dei gjorde ved Rikshospitalet må fylgjast opp med ytterlegare studiar omkring mogeleg redusert hjernefunksjon etter invasiv koronar angiografi.

Anbefalte artikler