Gamalt nytt om samfunnets helse

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Larsen, Ø

Nylenna, M

Hagestad, K

Samfunnsmedisin

654 s, tab, ill. Oslo: Gyldendal Akademisk, 2008. Pris NOK 695

ISBN 978-82-05-34459-4

Samfunnsmedisin handlar om grupperetta helsearbeid. Det betyr at både det individuelle pasientaspektet og sjukdomsaspektet er tona ned, fokus er på samfunn og helse. Denne boka er utgått frå det dominerande samfunnsmedisinske miljøet i Oslo, med dei same forfattarane som stod bak Helse for de mange – samfunnsmedisin i Norge (1).

Boka er omfangsrik, bygd opp med 46 relativt korte kapittel, kvart kapittel med sjølvstendige forfattarar. Kapitla er lesarvennlege og pedagogisk lagt opp. Det er god balanse mellom tekst og illustrasjonar. Spesielt merker ein seg gode fargebilete som fungerer som sjølvstendige bidrag til teksten. Dei fleste, men ikkje alle kapitla har referansar til relevant litteratur og nettstader. Forfattarlista er lang, dominert av eldre personar av begge kjønn. Boka er utstyrt med eit oversiktleg innhaldsregister og stikkordregister.

Tematikken er rikhaldig og variert: død, kjønn, ulikskap, fysisk aktivitet, genetikk, livsstil, mat, drikkevatn, kloakk, trivsel, drikk og fyll, rus og vald. Perspektivet er internasjonalt, både utviklingshjelp, internasjonalt samarbeid og flyktningproblematikk er dekt. Samfunnsmedisinen er primært eit kommunalt oppdrag, og her får ein klare føringar på korleis dette bør realiserast.

Med ein så omfattande tematikk er det ikkje vanskeleg å finne emneområde som engasjerer meir enn andre. Det er heller ikkje vanskeleg å kritisere prioriteringar og val av perspektiv. Enkelte kapittel kunne med fordel ha vore kutta ut. Til dømes, kapitlet om leiing handlar vel meir om organisasjonspsykologi enn om samfunnsmedisin. På den andre sida saknar eg eigne kapittel med meir vekt på psykososiale problemstillingar, til dømes om korleis det er å vere ung i Noreg i dag. Ein offentleg utgreiing frå 1984 omhandlar framtidig samfunnsmedisin (2). Her vert den tredje sjukdomsbølgja av «samsjukdommar» (samliv, samarbeid, samfunn) som vil dominere rundt år 2000, omtala. Dei andre sjukdomsbølgjene, infeksjon og sivilisasjonssjukdommar (hjarte- og karlidingar, kreft, ulykker) er godt dekt i denne boka. Eg ville i tillegg ha ønskt eit sterkare samfunnspsykiatrisk perspektiv. Ute i praksis trur eg mange av oss opplever at den offentlege utgreiinga fekk rett. Og vi slit med å finne ut på kva måte vi skal møte alle utfordringane med angst, depresjon, samlivsbrot, konflikt og funksjonssvikt som vi blir presentert for dagleg.

Likevel konkluderer eg med at boka er aktuell for fleire enn den primære målgruppa medisinstudentar og samfunnsmedisinarar. Alle fastlegar og alle kommunale helsekontor vil ha god nytte av å bruke den aktivt. For dette er Boka om samfunnsmedisin i Noreg.

Anbefalte artikler