Offisielt om vond rygg

Steinar Hunskår Om forfatteren
Artikkel

Lærum, E

Nasjonale kliniske retningslinjer for korsryggsmerter

119 s, tab, ill. Oslo: Formi, 2007. Pris NOK 150

ISBN 978-82-303-0865-3

Korsryggssmerter er dagleg kost på legekontora, medfører eit stort volum av bildediagnostikk og tilvisingar, og utgjer store kostnader for helsetenesta i form av fysioterapi, kiropraktorbehandling og kirurgi. I tillegg er ryggplager ei viktig årsak til sjukmelding, attføringstiltak og uførepensjonering. Det er difor ikkje rart at det offisielle Noreg ved Sosial- og helsedirektoratet i spissen forsøkjer å rettleie helsepersonell til god og kunnskapsbasert praksis på feltet, denne gong ved ei oppdatering av dei tverrfaglege nasjonale retningslinene for korsryggssmerter. I tillegg er det utarbeidd ein pasientbrosjyre som byggjer på retningslinene.

I hovudskriftet finn vi ein kortversjon på fire sider som bør distribuerast til dei fleste som behandlar korsryggssmerter i Noreg. Hovudkapitla omhandlar diagnostikk, behandling og tiltak, førebygging og pasientkommunikasjon med ryggpasientar. Det er omfattande vedlegg om metodar, søkestrategiar, spørreskjema og kirurgiske metodar.

Boka på 120 sider er på pent og glansa papir, har moderne layout med behagelege fargar og mykje luft, medan sjølve teksten er gråleg og i litt lita skrift for mine auge og dette formålet.

Det er gjort omfattande greie for prosessen bak resultatet, og nasjonale retningsliner om eit så omfattande problemkompleks som ryggsmerter må naturleg nok involvere mange interessentar i tillegg til ei kompetent arbeidsgruppe i leiinga. Det er ei imponerande liste av bidragsytarar, samarbeidspartar og medarbeidarar som har gjort sitt for resultatet.

Eg skal halde meg frå å kommentere dei faglege råda som nærare 50 kompetente personar er blitt samde om. Men ryggfeltet er kanskje ikkje prega av så unison semje som ein kan få inntrykk av gjennom lesing av desse retningslinene. Verken når det gjeld førebygging, øvingar, bruk av medikament eller kirurgisk tilnærming treng ein gå særleg langt i faglitteratur, brosjyrar eller Internett før ein finn råd som sprikjer. Det er i så måte interessant at ein ekstern rådgjevar trakk seg som følgje av usemje. Kommentarane hans er ifølgje teksten lagt ut på nettet, men nettadressa fungerte ikkje da eg prøvde.

Dette er nasjonal status for ryggfeltet per 2008. Boka er nok for dei få og spesielt interesserte, kortversjonen bør nå mange, og pasientbrosjyren bør vere tilgjengeleg hos alle dei som behandlar korsryggssmerter.

Anbefalte artikler