Helserett for vidarekomne

Geir Sverre Braut Om forfatteren
Artikkel

Mår, N

Andenæs, B

Klagenemnder – rettssikkerhet og effektivitet

378 s, tab, ill. Bergen: Fagbokforlaget, 2008. Pris NOK 359

ISBN 978-82-450-0512-7

Dette er ei artikkelsamling, delt i to bolkar. Den første bolken inneheld artiklar om korleis nemnder er brukte som garantiar for rettstryggleiken i den norske forvaltninga, rett nok med vekt på nemnder innanfor velferdsretten. Den andre bolken handlar om forhold knytte til avgjerder i Helsepersonellnemnda. Mange av tekstane byggjer på føredrag haldne ved femårsjubileet for denne nemnda hausten 2006.

Sjølv om dei fleste tekstane i den første bolken nyttar døme frå helseretten, har desse eit ganske prinsipielt preg over seg. Hovudinntrykket etter å ha lese desse er at nemndsordningane kviler på eit rettspolitisk grunnlag som er lite gjennomarbeidd. Dei ligg så å seie ein stad mellom forvaltninga og domstolane. Asbjørn Kjønstad føreslår i artikkelen sin ei samling av dei ulike nemndene til ei form for velferdsdomstol. Etter å ha lese denne delen av boka høyrest det slett ikkje ut til å vere så dumt.

Dei aller fleste tekstane i andre bolken koplar teori og empiri på ein mykje meir omfattande måte enn det ein brukar finne i helserettslege bøker. Dette er då også styrken ved denne. Dei fleste tekstane handlar om norske tilhøve, men ein artikkel om administrative reaksjonar mot helsepersonell i Sverige og ein om dei nye EU-reglane om godkjenning av helsepersonell utvidar perspektivet med interessante vinklingar.

Likevel vil det truleg vere artiklane om praksis i den norske nemnda når det gjeld tolking av kravet om fagleg forsvarleg verksemd og om avgjerder i saker om tilbakekalling av autorisasjon som vil pirre flest legar med juridiske interesser. Her syner forfattarar med tilknyting til nemnda korleis nemnda så å seie tenkjer i sitt indre liv. Ikkje minst for meg som har vore «leverandør» av saker til nemnda, var dette spennande lesing, trass i at utfalla av dei refererte eksempelsakene var godt kjende av meg frå før, og trass i at eg nokre stader sjølv ville ha ordlagt meg noko annleis.

Tekstane som handlar om opplevinga av dei administrative reaksjonane, verknadene av slike vedtak og pasientane sine syn i klagar inneheld mykje kjent stoff, men det blir samla her på ein grei måte.

Tekstane er av ein slik art at lesaren bør ha grunnleggjande kunnskap om forvaltninga og helseretten for å ha fullt utbyte av dei. Artiklane er skrivne av 20 ulike personar, noko som gjev boka eit litt ujamt preg. Man det gjer slett ikkje noko, for dei fleste har eit innhald av stor interesse for alle som arbeider med spørsmål knytte til rettstryggleik i velferds- og helsetenestene.

Anbefalte artikler