()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Høgare innhald av CO₂ påverkar ikkje absorpsjonen av varmestrålinga nemneverdig. Med normalt CO₂-innhald er det nok med eit luftlag på 10 m for å filtrere så godt som all varmestråling frå jorda i frekvensfeltet til CO₂. Effekten av CO₂ minkar logaritmisk med aukande konsentrasjon. Naturen står for 96 % av CO₂-omsetninga, brenning av kol, olje og gass for 4 % – og dermed for om lag ein promille av drivhuseffekten (1). Er det ut frå dette sannsynleg at meir CO₂ i lufta gir global oppvarming?

    I desse dagar har vitskapsmenn frå IPCC oppdaga det som andre vitskapsmenn har påpeika ei stund no: Det er slutt på den globale oppvarminga. Målingar syner ingen auke av overflatetemperaturen sidan 1998; siste året er det faktisk ein liten nedgang. Denne utflatinga av temperaturen har skjedd trass i ein CO₂-auke i atmosfæren på 4 % (2). IPCC snakkar difor mindre om global oppvarming, no heiter det klimaendring. Istadenfor å vedgå at dei har teke feil, at CO₂ frå menneskeleg aktivitet ikkje er årsak til global oppvarming, er dei no i gong med å køyre nye program på datamaskinane for å bortforklare flausa. Førebels har dei konkludert med at den globale oppvarminga berre er utsett – til 2015 – eller seinare. Frå då vert det varmare att. Ja, kanskje vert det det. Vi får leve i vona, for historisk sett har kuldeperiodar på kloden medført mykje liing og død, medan livsformer og kulturar har blomstra i dei varme periodane. Ingen må likevel tru at kampen hermed er slutt. Med 5 milliardar dollar per år i ekstraløyvingar til klimaforsking på verdsbasis dei siste ti åra, har CO₂-tilhengjarane all den motivasjon dei treng (3).

    PDF
    Skriv ut
    Relaterte artikler

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media