God grunnbok for forskarutdanninga

Steinar Hunskår Om forfatteren
Artikkel

Laake, P

Hjartåker, A

Thelle, DS

Epidemiologiske og kliniske forskningsmetoder

551 s, tab, ill. Oslo: Gyldendal Akademisk, 2007. Pris NOK 498

ISBN 978-82-05-33505-9

Dette er ei bok om epidemiologiske og kliniske forskingsmetodar skriven med tanke på doktorgradskandidatar i medisin og helsefag. Saman med søsterboka (1) kan den utgjere det generelle metodepensumet i forskarutdanninga. Innhaldet er som ein må vente: Ein del om metodologi, ein del om dei ulike klassiske studiedesignane for epidemiologisk og klinisk forsking og ein del med ulike tema. I dette tilfellet er tema vinkla mot ulike fagfelt. Her er mellom anna kapittel om screening, registerepidemiologi, yrkesepidemiologi, ernæringsepidemiologi og genetisk epidemiologi. Ekstra aktuelt er kapitlet om farmakoepidemiologi og forskingsoppgåver knytt til det nye reseptregisteret.

Utfordringa for slike bøker er å finne balansen mellom det alle kan ha godt av å vite og det ein verkeleg treng å vite når ein skal drive med det sjølv. Stort sett held forfattarane seg til det generelle, og det trur eg er rett tenkt for føremålet. Kapitla om regresjonsmodellar og målefeilsproblem er derimot meir matematisk tunge, og delar av dei høyrer kanskje meir heime i ei statistikkbok. Positivt er det at datasetta som er brukt er tilgjengelege på ei eiga nettside for boka. Der finn ein også nokre relevante lenkjer til datakjelder og dokument.

Alt i alt interessant og godt nok som innføringsbok for doktorgradskandidatane og som følgjetekst til det obligatoriske grunnkurset for Ph.D.-utdanninga.

Anbefalte artikler