Galskap sett innanfrå

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Allan, C.

Poppy Shakespeare

– ser på galskap fra innsiden. 399 s. Oslo: Pantraguel, 2007. Pris NOK 298

ISBN 978-82-7900-250-5

«Siden det fins fengsler og galehus, er noen nødt til å sitte der.» Dette sitatet frå Anton Tsjekov introduserer denne debutromanen av Clare Allen. Forfattaren bur i London. Ho har skrive i The Guardian og i ei rekke magasin. I 2002 vann ho Orange/Harpers novellepris. Allen har også ti år bak seg som pasient i psykiatrien. Utan den erfaringa kunne ho vanskeleg ha skrive ei forteljing som denne.

For dette handlar om galskap sett innanfrå. Hovudpersonen N kjenner ikkje til noko anna enn eit liv i sosialt og psykisk elende. Som 13-åring hadde ho fått alle diagnosar som fanst. 17 år gamal kom ho til Dorothy Fish, eit dagsjukehus i Abbadon-tårnet. N hadde det bra i Dorothy Fish. Der fekk ho den hjelpa ho trong – «men du kunne gjøre hva faen du ville». Livet på avdelinga var nokså stilleståande. Heilt til Poppy Shakespeare blei innlagt. Ho ønska seg ikkje inn, meinte at ho ikkje var sjuk, forstod ikkje kvifor ho var der. N fekk som oppgåve å vise henne rundt. Romanen handlar primært om desse to kvinnene og forholdet mellom dei. Den er absurd og surrealistisk, vanvittig og humoristisk, fragmentert og springande, med eit nokså uvanleg persongalleri (feite Florence, Verna oppkast osv.) – til å få hovudpine av når ein les.

Det er 48 små kapittel. Nina Aspen har omsett frå engelsk til norsk. Ho har klart å bevare ein munnleg fortellarstil med solid «trøkk», mykje humor og rikeleg med undertekst. For meg verkar det som Aspen har lukkast godt med omsetjinga av ei bok det må vere ekstra vanskeleg å få over i norsk språkdrakt.

Ein treng ikkje vere i tvil om at Clare Allen er ein talentfull forfattar. Ho har ein original stemme og eit drivande fortellarspråk. Ho formidlar alt det absurde og paradoksale ved psykiatrien på ein slik måte at ein får assosiasjonar til det absurde og paradoksale ved livet sjølv. Alle menneske med ein eller annan relasjon til psykiatrien, altså heile det norske folk, vil kunne ha utbytte av å lese Poppy Shakespeare.

Anbefalte artikler