Psykiatriske pasientar – finst dei?

Øyvind Watne Om forfatteren
Artikkel

Nemninga «psykiatrisk pasient» har mange konnotasjonar utanom fagmiljøa, så langt eg kjenner til utelukkande negative: galskap, håpløyse, fåre, hjelpeløyse, uførleik – for å nemne nokre.

Vi som arbeider i fagfeltet psykiatri veit at pasientane våre til liks med andre pasientar er svært ulike med omsyn til grad av sjukdom, kronisitet og prognose. Eg likar difor dårleg nemninga «psykiatrisk pasient». For meg reduserer ho det lidande mennesket – pasienten – til diagnosen åleine. Alle pasientar, med eller utan psykisk liding, er mykje meir enn lidinga si.

På denne bakgrunnen arbeider eg aktivt i mitt eige fagmiljø for å luke ut denne nemninga, og eg har ei oppleving av at noko tilsvarande skjer i andre fagmiljø. Eg tykkjer det er lenger mellom kvar gong nemningar som «diabetikar» og «epileptikar» dukkar opp både i tale og skrift.

Eg stussa difor då eg i Tidsskriftet nr. 11/2007 støtte på nemninga «psykiatrisk pasient» i ein redaksjonell presentasjon av ein artikkel (1). Eg kan ikkje sjå at forfattarane sjølv har nytta nemninga i artikkelen sin (2). Men eg hadde vel ikkje reagert om eg ikkje hadde støtt på det same uttrykket fleire gonger lenger bak i Tidsskriftet, i ein elles spennande artikkel (3).

Eg ynskjer at omgrepet «psykiatrisk pasient» vert kasta på skraphaugen. Vi treng det endå mindre enn «serumspeil» (4).

Anbefalte artikler