Personleg om pasientsentrert diagnostikk

Steinar Hunskår Om forfatteren
Artikkel

Summerton, N.

Patient-centred diagnosis

152 s, tab, ill. Oxon: Radcliffe, 2006. Pris GBP 22

ISBN 978-184619-055-1

Dette er ei god bok om medisinsk diagnostikk. Ho blir interessant og hyggeleg å lese fordi forfattaren bruker eigne kliniske erfaringar og pasienthistorier til ein systematisk gjennomgang av diagnostisk tenking. Teksten er i eg-form, men likevel klarer forfattaren å kombinere det kasuistiske og personlege med oppdatert og til dels avansert kunnskap om diagnostisk tankegang. Og han har med det meste; klinisk uvisse, sensitivitet og spesifisitet i praktisk bruk, Bayes teorem, pre- og posttestberekningar ovanfor enkeltpasientar og forskjellen mellom å utelukke og å stadfeste ein diagnose. Han legg stor vekt på at vi får mest informasjon frå kunnskap om pasienten sin bakgrunn, symptomanalyse og klinisk undersøking og av og til litt ekstra frå laboratoriet og meir avanserte undersøkingar.

Boka er skriven av ein britisk allmennpraktikar som er universitetslektor i Hull og har forskingsinteresser innan diagnostikk. Eksempla er difor stort sett frå allmennpraksis, men med stor relevans for alle som møter pasientar tidleg i sjukdomsgangen. Ho startar med ei overraskande bekymringsmelding: Stadig fleire av dei tilsette i akademiske stillingar i britisk allmennmedisin er ikkje-legar, eller legane har manglande klinisk utdanning eller erfaring. Summerton meiner at slike ikkje-kliniske akademikarar har synspunkt og verdiar med stor gjennomslagskraft og at dette har stor innverknad både på undervisninga og på korleis forskingsprioriteringar vert gjort. Dette tek merksemda bort frå praktisk legearbeid, noko han meiner fører til dårlegare legeutdanning.

Denne boka er midt i blinken for undervisarar i alle kliniske fag i legestudiet dersom ein vil ta utgangspunkt i pasienten sitt første møte med helsetenesta. Slik sett eignar ho seg best for undervisarar og praksislærarar i allmennmedisin. Men vi høyrer stadig frå legestudentane at også lærarar i mange spesialfag tek utgangspunkt i kva som skjer og bør skje i førstelinetenesta. For desse vil denne boka gje innsikt i moderne allmennmedisinsk diagnostisk tenking. Eg møter også kollegaer som seier at klinisk epidemiologi og bruk av testspesifikasjonar er teoretisk interessant, men lite nyttig eller brukande i klinisk praksis. For slike kan boka gje ny innsikt.

Anbefalte artikler