Kven sa kva? Tekstvitskap om journalen

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Engebretsen, E.

Hva sa klienten?

Retorikken i barnevernets journaler. 132 s, ill. Oslo: Cappelen Akademisk, 2007. Pris NOK 239

ISBN 978-82-02-24969-4

Medisinsk vitskap handlar oftast meir om tal enn om tekst. Denne boka er ein tekstvitskapleg gjennomgang av journalskriving og byggjer på forfattaren si doktoravhandling Barnevernet som tekst. Nærlesing av 15 utvalgte journaler fra 1950- og 1980-tallet (1). Forfattaren har sin faglege bakgrunn innanfor idéhistorie, språkfilosofi og tekstvitskap. Han byggjer analysane i hovudsak på den poststrukturalistiske språkfilosofien til franskmannen Jacques Derrida, men nyttar også andre teoretiske perspektiv som Mikhail Bakhtins språkteori og Hanna Arendts politiske filosofi. Boka er primært tenkt til studentar i barnevernspedagogikk, men har klar relevans for alle som arbeider med journaltekstar innanfor sosial- og helsefag. Den er også inspirert av Petter Aaslestads analysar av psykiatriske journalar i Pasienten som tekst (2), og har mange trekk til felles med denne. Føremålet er å gi sakshandsamarane i barnevernet eit vokabular til innsikt i eigne og andre sine journalar, og på denne måten stimulere til eit fornya barnevern og eit fornya tilhøve til klienten.

Det er ikkje utan vidare enkelt for ein helse- eller barnevernsarbeidar å zoome seg inn på fransk språkfilosofi. Her er mange nye omgrep og ikkje minst ein ny tenkjemåte som ofte møter motbør sjølv i akademiske kretsar. Forfattaren lukkast stort sett godt som pedagog, sjølv om enkelte kapittel, til dømes kapitlet om taleattgjeving med fordel kunne vore presentert med litt færre nye omgrep. Kvar artikkel vert avslutta med å definere sentrale analyseomgrep og med repitisjonsspørsmål til lesaren. Litteraturlista er grei, men det manglar person- og innhaldsregister.

Boka er svakast når forfattaren går ut over sitt eigentlege fagfelt og agerer politisk fagideolog. Han bruker Hanna Arendt til å fortelje lesaren at dei økonomiske symbolsystema fører til ikkje noko mindre enn utsletting av individet. Han argumenterer knapt for påstanden sin, men bruker store ord om kor gale det kan gå med oss når vi innordnar oss dette, «at man slutter å reflektere og at man tror på sin egen ubetydelighet». Kontraktsspråket, som han finn i barnevernjournalane, «utelukker alt individuelt mangfold, all spontanitet, all uforutsigbarhet og alle følelser » (side 120). Desse påstandane er ingen naturleg konklusjon på dei språkanalysane han elles gjør. Bortsett frå dette er boka inspirerande å lese. Boka er ideell for alle som ønskjer å heve refleksjonsnivået på eigen tekst- og journalproduksjon.

Anbefalte artikler