Prosentilar og konfidensintervall

Egil Henrik Lehmann Om forfatteren
Artikkel

I Tidsskriftet nr. 6/2007 rår Egeland & Haugen til standardisering av prosentilestimatorar eller at ein i alle fall oppgir metode når slike estimat blir publiserte (1).

Nyttigare ville det vere å få oppgitt konfidensintervall for presenterte estimat. Eit estimat som ikkje er forsynt med konfidensintervall har avgrensa verdi. Eg går ut frå at dei ulike programpakkene tilbyd slike konfidensintervall. Om ikkje, så bør det for talmateriale av vanleg storleik vere lett å rekne ut for hand prosentilestimat som kan forsynast med konfidensintervall. Slik utrekning er svært enkel dersom ein har ei sortert liste. Mi utgave av Geigy Scientific Tables gir informasjon om dette (2). Her kan ein lese ut av ein tabell rangtal som gir konfidensintervall for N opptil 100. For materiale som er større enn dette, har underskrivne konstruert ein tabell som med litt omrekning kan nyttast (3). Dei nemde tabellane kan nyttast same kva fordeling ein har med å gjere. For det normalfordelte tilfellet er det gitt ein framgangsmåte i det nemnde Geigy-tabellverket (2).

Anbefalte artikler