Trening og jernhelse?

Jon Henrik Laake Om forfatteren
Artikkel

Linda H. Bergersen & Jon Storm-Mathisen hevdar i Tidsskriftet nr. 24/2006, juleutgåva, at fysisk trening ikkje berre gir store musklar, men betrar vitet òg (1). Dette er openbert gale; omgrepet sportsidiot har ikkje kome rekande på ei fjøl. Dag Solstad sa eingong at «enhver veit jo at en jogger er ute og lufter sin egen dødsangst». Og den sjølvutnemnde idrettshataren Per Inge Torkelsen er kjend for utsegna: «Gi ungdommen ei flaska brennevin før idretten tar de.» Ein skal lyde på kloke folk, og då er det ikkje professorar og forskarar eg taler om.

Det er proliferasjon og dendrittvekst hjå korncellene i gyrus dentatus i hippocampusformasjonen til topptrena gnagarar som har gjort Bergersen & Storm-Mathisen overtydde om idretten si velsigning. Ja, og så har det vore tema på Society for Neuroscience, ei skrekkførestelling med 25 000 smellfeite amerikanarar som nok kan trenge ei oppmoding til å røre på flesket.

Alle som har tatt ein joggetur veit kor godt det gjer, etterpå. Då får ein mykje å tenkje på, t.d. kvifor ein var så dum å leggje ut på turen. Slik innsikt fremjar utan tvil intellektet; neste gong er ein ikkje så snar til å leggje på sprang. Ei av Noregs største idrettskvinner gjennom alle tider, Sonja Henie, sa at når ho eingong la skeisene på hylla, skulle ho bruke pengar som ein full sjømann. Slik innsikt har altså sjøfolk hatt til alle tider, utan å ha slite seg ut på idrettsbanen fyrst. Elles er det ikkje uvanleg at idrettsfolk drikk. For nokre, slik som hopparane våre, høyrer det vel meir til vanen. Andre, som boksaren Muhammad Ali, trong ikkje å drikke for å vere full, og ingen vil vel mistenkje han for å ha hatt hypertrofiske tinningslappar.

Kjenner eg Bergersen & Storm-Mathisen rett, er det idrett av det norske slaget dei oppmodar til. Men dei skal vite at den store folkesporten nå er golf, ein idrett som Winston Churchill omtala som eit spel der målet er å få ein svært liten ball oppi et svært lite hol, med våpen som ikkje høver til formålet. Eg vil tru eg har dei to med meg når eg til slutt siterer Mark Twain som sa at «golf er ein øydelagd spaserstur».

Anbefalte artikler