Om humanistisk forskning og kvalitative metoder

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

P, Elsass

P., Lauritsen

Humanistisk sundhedsforskning

240 s, tab. København: Hans Reitzels forlag, 2006. Pris NOK 298

ISBN 87-412-0382-8

Distinksjonen mellom humanisme og naturvitskap finst på alle akademiske nivå. Til dømes snakkar ein om humanistiske fag til skilnad frå dei naturvitskaplege, og ein bruker også omgrep som åndsvitskap som noko anna enn naturvitskap. Heilt sidan framveksten av moderne vitskap med opplysningstida har det vore ein debatt om og på kva måte ein kan skilje mellom humanvitskap og naturvitskap.

Boka til Peter Elsass & Peter Lauritsen om humanistisk helseforsking rydder opp i alle omgrepa og gjev oversikt over feltet. Elsass er dr.med. med interesse for psykologi og tilsett ved Københavns Universitet. Lauritsen er oppteken av medisinsk teknologi innan helsevesenet, spesielt bruken av datamaskinar. Han er tilknytta Center for Science-Technology-Society ved Århus Universitet. Deira ambisjon er å presentere vesentlege diskusjonar med tilknyting til humanismeomgrepet med relevans for helsearbeid generelt og helseforsking spesielt. Boka er delt i tre delar, med til saman 12 kapittel. I første delen diskuterast sjukdoms- og helseomgrepet, kommunikasjon og etterleving, autonomi, etikk, kvalitetssikring og kunnskapsbasert forsking. I andre delen er det eksempel på kvalitativ forsking som forfattarane sjølve har vore engasjert i: Om kronisk trøytte pasientar og om datamaskinbruk hos psykiatriske pasientar. Siste delen er ein meir overordna gjennomgang av vitskapsteori, metode og praksis.

Forfattarane har tatt på seg å dekkje eit stort emne og prøver å gjere det med ei relativt kortfatta bok. Emnet er viktig, og dei fortener mange lesarar. Boka er lesarvenleg. Likevel synest eg deler av ho blir litt slitsom å lese, avdi forfattarane er innom så mange emne utan å gå særleg djupt inn i kvart enkelt. Dei lukkast ikkje alltid like godt i framstillinga – det som står om autonomi til dømes er rotete og lite opplysande. Omvendt er kapitlet om «træthedens historie» engasjerande lesnad om ei problemstilling dei fleste av oss kjenner godt frå praksis. Kapitlet er informativt både om korleis ein tilstand ytrar seg i ulike historiske kontekstar og om korleis ei kvalitativ forskingstilnærming kan kaste nytt lys over eit vanskeleg tema.

Boka er dansk, og reflekterer eit inntrykk eg har om at det i dansk medisin- og helseforsking er betydeleg større engasjement for humanistiske tenkemåtar og kvalitative metodar enn her til lands. Undertittelen er «teori, metode, praksis». Som introduksjon til feltet er boka OK, som metodebok i kvalitative metoder blir ho for tynn.

Anbefalte artikler