En eim av noe kreft

John Nessa Om forfatteren

Grimen, Harald

Ingstad, Benedicte

Kulturelle perspektiver på sykdom og helse

248 s, tab. Oslo: Universitetsforlaget, 2006. Pris NOK 299

ISBN 82-15-00953-0

Dei fleste vil vere samde i at kulturelle faktorar langt på veg bestemmer korleis folk opplever helse og sjukdom. Denne boka er eit forsøk på å beskrive korleis dette skjer. 11 ulike forfattarar beskriv i kvart sitt kapittel korleis folk opplever ulike situasjonar knytt til helse og sjukdom, korleis dei tenkjer, korleis dei tenkjer ulikt avhengig av historie, kultur og situasjon, og korleis dei søkjer meining gjennom det dei tenkjer og gjer. Det handlar om framande, førmoderne kulturar i Afrika og Kina og det handlar om moderne vestleg kultur. Det handlar mellom anna om akupunktur, organdonasjon, fertilitetsteknologi, seksuell åtferd, omskjering, funksjonshemming. Dei fleste forfattarane har bakgrunn i sosialantropologi. I tillegg er det med to legar og ein filosof. Forfattarane har ei kvalitativ tilnærming og refererer til eigne studiar som det viktigaste grunnlagsmaterialet. Kapitla et utstyrt med ei fyldig litteraturliste. Alle bidragsytarane er grundig presenterte, og det er eit person- og emneregister i slutten av boka. Det er ei bok om medisinsk antropologi utgått frå eit miljø som er tilknytt Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin ved Universitetet i Oslo.

Kapitla er prega av at det er ulike forfattarar, ulikt teoretisk rammeverk og varierande skrivestil. Enkelte kapittel er svært jordnære og konkrete i si tilnærming. Andre har eit meir sofistikert analytisk fundament. Kapitlet om omskjering som kulturelt ritual i somalisk kultur, er innsiktsfullt, informativt, lett å lese og gjer eit sterkt inntrykk på lesaren. Anne Kveim Lie sin gjennomgang av radesygen (tertiær syfilis) viser at ikkje berre funksjonelle, men også somatiske diagnosar kjem og går med heilt ulike forklaringsmodellar meir bestemt av kulturelle føringar enn av dei patologiske prosessane som ligg bak sjukdomsbiletet. For ein lesar som er interessert i teiknteori, er det artig å lese Anne Lise Middelthons bruk av Peirces semiotikk for å forstå og fortolke homofil risikoåtferd. Nyttig for alle legar er Harald Grimens gjennomgang av strategiar for tillitsreparasjon i pasient-lege-relasjonen, der han påpeiker at legerollen ofte møter kryssande krav som vanskeleg lar seg sameine.

Det blir likevel feil å framheve spesielle kapittel. For alle kapittel er godt gjennomarbeidd og relevante for medisinsk praksis. Boka tar folks historier på alvor, som regel utan reservasjon. Forfattarane har også sans for den gode replikken. Nokre av oss kan kjenne oss igjen i den helseopptatte moderne mannen som fortel sin informant at god helse, ja det er dei dagane «hvor alle disse dødelige sykdommene har forlatt meg litt og jeg bare kjenner sånn så vidt en eim av noe kreft».

Eg meiner dette er ei nyttig bok for alle legar i klinisk praksis. Ho er så pass lett å lese at ho bør kunne nå eit breitt publikum. Ikkje minst vil eg tru at studentar og nyutdanna helsepersonell vil få mange aha-opplevingar.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler