Helsejournalistikk

Reidun Førde Om forfatteren
Artikkel

Hafstad, Anne

På helsa løs?

Når pressen tar pulsen på Helse-Norge. 208 s. Kristiansand: IJ-forlaget, 2006. Pris NOK 298

ISBN 82-7147 -269 - 0

Anne Hafstad har hatt ein sentral plass i norsk helsejournalistikk i mange år. Med bakgrunn i sjukepleie, med doktorgrad og i tillegg ein sylskarp penn er det ikkje mange som har betre føresetnader for å ta pulsen på Helse-Noreg. Det er ikkje få førstesider i Aftenposten ho står bak, og det er ikkje få legar som har fått pulsauke når ho har stukke hol på verkebyllar vi burde ha gått laus på sjølve.

Hafstad fekk permisjon frå arbeidsgjevaren sin i to månader for å skrive bok om helsejournalistikk. Boka er skriven først og fremst for journalistar som ønskjer å lære meir om helsejournalistikk, men ho var overraskande interessant også for ein lege som har rørt seg mange stader i helsevesenet og som også har vore i nærkamp med media.

Første delen er ei oversikt over mange ulike sentrale institusjonar i Helse-Noreg og ein gjennomgang av utviklinga i norsk helseteneste, med vekt på dei nye helsereformene. Etter dette går forfattaren over til å reflektere rundt den plassen helsa har i det moderne samfunnet – om alt frå medikalisering og risikofokusering til forsking og det å få forskinga ut til folk. Gjennomgangen er sett gjennom auga til ein journalist: Kva kan vere nyttig og viktig, kva er fallgruvene? Siste delen omhandlar kritisk og gravande journalistikk. Dette er noko eg vil råde mange til å lese fordi det gir innsyn i korleis journalistar tenkjer og arbeider. Her er mykje nyttig stoff for legar som har kontakt med media. Hafstad skildrar kor viktig grundig og kritisk kjeldegransking er, kva ein risikerer med å gå for tidleg ut og kva slags ansvar som kviler på journalisten. Eit viktig poeng er korleis ein skal takle forsøk på tildekking av fakta frå maktapparatet si side. Anne Hafstad tek gjerne utgangspunkt i eigne saker og illustrerer poenga med sjølvskrivne artiklar frå Aftenposten. Sjølv om ho brukar gammalt materiale, står det seg overraskande godt, trass i at det meste er lese før. Boka ber litt preg av hastverk, det er småfeil som t.d. skrivefeil og feil i referanselista.

Det som framfor alt har vore spennande med denne boka, ved sidan av at ho gir innsikt i tankegang og arbeidsform hos ei viktig yrkesgruppe, er at Hafstad greier å legge eit metaperspektiv og eit verdiperspektiv på journalistikken. Det er det ikkje ofte at journalistane sjølv gjer på denne måten, i alle fall ikkje slik at utanforståande får innsyn i det. Eksempel frå boka er det bidraget media kjem med til sjukdomsangst og aukande pilleforbruk og det dilemmaet det er å kjempe for dei alvorleg sjuke som får nei til dyr behandling med usikker nytte når vi må prioritere for å kunne gi svake grupper det tilbodet dei har krav på. Den rolla media hadde i Mehmet-saka og dei presseetiske dilemma knytt til denne er gjennomgått. Etiske dilemma blir underbygd ut frå Vær Varsom-plakaten, dei «etiske reglane» til journalistane.

Det er ikkje stas å bli objekt i dei kritiske reportasjane til Anne Hafstad. Korleis Aftenposten la fram kodesaka i Helse Sør, leiarlønningar, byggeskandalen på Ullevål, uheldig samrøre mellom legar og farmasøytisk industri og lønnsame avtalar med private helseføretak blir gjennomgått. Det gjer inntrykk å lese alt på nytt, og eg håpar mange vil gjere det. Difor har eg eit ønskje heilt til slutt: Når Hafstad klokt og balansert omtalar medisinske feil, skulle eg ønskja meg at ho også hadde komme med eit eksempel på ei sak som ho, i etterpåklokskapens lys, ville vinkla annleis. Eg innbiller meg at eit sjølvopplevd eksempel hadde vore pedagogisk viktig. Noko for neste utgåve? Eg ønskjer meg fleire slike bøker.

Anbefalte artikler