Kromosomavvik i kreftdiagnostikk

Anne Forus Om forfatteren
Artikkel

Kromosomanalyse kan vere avgjerande for rett diagnostikk. Det bør bli rutine å fryse svulstvev slik at ein også kan bruke molekylærcytogenetiske metodar.

Det meiner Petter Brandal, som i avhandlinga Molecular cytogenetic analysis of archival and fresh solid tumor samples viser resultat frå analysar av sjeldne variantar av nyrekreft, blautvevskreft og beinkreft. Når normale celler pådreg seg genetiske eller kromosomale avvik, kan dei få evne til ukontrollert vekst og deling. I mange neoplastiske sjukdomsgrupper finn ein spesifikke kromosomavvik, men kromosomanalyse er ikkje rutine for alle. Difor har ein nokre gongar berre arkivmateriale tilgjengeleg.

– I slike tilfelle må ein bruke molekylærcytogenetiske teknikkar for å få ut genomisk informasjon, seier Brandal.

Analysane som er gjort ved hjelp av ulike metodar (CGH og IF-FISH), avdekte ei rekkje avvik som er typiske for dei enkelte undergruppene.

– Metodane fungerer best på frose materiale. Dette bør ein tenkje på når pasienten vert operert. Frysing av svulstvev burde vere rutine, seier han.

Dei såg mellom anna på undergrupper av feittsvulstar.

– Morfologisk vart dei klassifiserte som ulike typar feittsvulstar, nokre godarta og andre ondarta, men dei hadde same type kromosomavvik. Ein kan jo spørje seg om dei eigentleg er ein og same svulsttype, og om genotypisk eller fenotypisk klassifisering er best, avsluttar Brandal.

Prosjektet var gjennomført ved Seksjon for cytogenetikk ved Radiumhospitalet. Brandal disputerte for graden Ph.D. 16.6. 2006.

Anbefalte artikler