Resolusjon om lokalsykehus

Artikkel

I kjølvannet av diskusjonen om lokalsykehusenes fremtidige rolle vedtok landsstyret enstemmig følgende resolusjon:

Lokalsjukehusfunksjonen må styrkast både på små og store sjukehus

Landsstyret i Legeforeningen vil uttale at lokalsjukehusfunksjonen må styrkast både på små og store sjukehus. Vi treng sjukehus som har kompentanse til å avklare uklare tilstandar og gi behandling for dei vanlegaste sjukdommane. Ein må stille faglege minimumskrav til sjukehus som skal ha akuttberedskap, indremedisin som einaste vaktspesialitet er ikkje godt nok.

Med den geografien vi har i vårt land, er det behov for desentraliserte og små sjukehus med nærleik til pasientane, men dette må ikkje gå ut over kvaliteten på behandlinga. Også dei minste sjukehusa med akuttberedskap må ha vaktkompetanse i indremedisin, kirurgi og anestesiologi og tilgang til laboratorietenester og radiologiske tenester heile døgnet. Dei må stå i behandlingskjeder der pasientar som treng meir spesialisert utgreiing og behandling blir identifisert, stabilisert og sendt vidare til rette instans.

Dei største lokalsjukehusa ligg i dei store byane. Også desse må organiserast slik at dei tar vare på ein god lokalsjukehusfunksjon med breddekompetanse i mottak og avklaring av pasientar med uklare sjukdomsbilde, og behandling av pasientar med samansette problem.

Vi må derfor styrke spesialitetane i generell indremedisin og generell kirurgi.

Anbefalte artikler