Om å stå støtt i lause lufta

John Nessa Om forfatteren
Artikkel

Kvelvane, Ole Idar

Astronautar

205 s. Oslo: Det Norske Samlaget, 2004. Pris NOK 268

ISBN 82-521-6490-0

Dag-Olav Sørensen er ein 30 år gamal arbeidsledig akademikar som har tulla vekk store deler av livet sitt på lesesalar og no bur heime hjå foreldra. Han er nærast eitt med sitt prosjekt i livet: Popmusikk, bandet Stone Roses, som blei oppløyst i 1996.

Ole Idar Kvelvane er 35 år. Han arbeider som lege i Bergen, spelar i bandet Lano Places og debuterer som forfattar med denne boka. Både den fiktive Dag-Olav og den høgst reelle Ole Idar har vakse opp i Stavanger, byen der folk er ekstremt opptatt av kva som er normalt, «alkymistar på evig søking etter oppskrifta på det normale». Den synda det ikkje finst tilgjeving for, er å eksellere, overdrive, gjere for mykje av det. Den moderne mannen kan berre eksellere på kjøkkenet. Der kan han trylle fram den eine vedunderlege retten etter den andre, til stor begeistring for vener og familie. «Det er ikkje lett å vere mann i dag. Det er ikkje lett i det heile tatt. I alle fall ikkje om ein vil vere normal.»

Den unormale dukkar opp som veninna Maria, langtidspasient på Valen.

– Synest du eg er galen, Dag-Olav?

– Eg synest ikkje du er det minste galen.

– Kvifor må eg vere på Valen då?

– For at du skal bli ein god astronaut, vel.

Maria blir verande på Valen. Ho blir gift og får sin Joe Maynard, denne frie, schizofrene og kreative amerikanske fotografen. Dag-Olav surrar rundt på si astronautferd gjennom livet. Han får ikkje si Sofie, sjølv om han klarer å gjere henne gravid. Han drøymer og fantaserer, blir slått ned og hallusinerer. Han tar seg ein tur til Lukasjenko i Kviterussland. Han må jo det for å få tilbake den kassetten med Stone Roses som han lånte bort for ti år sidan. Dag-Olav er etter eigne ord ein heimføding og ein tapar, som mislukkast i kjærleikslivet, som blir til stein.

Mens opphavsmannen hans etter mi vurdering har lukkast bra med det eg les som ein identitetsroman, skriven på eit godt nynorsk språk. Og som det er vel verdt å kjøpe og å lese.

Anbefalte artikler