Autotransfusjon ved hofteprotesekirurgi

Stephan Rossner Om forfatteren
Artikkel

Homolog blodtransfusjon kan medføre ei rekke komplikasjonar, bl.a. infeksjonsrisiko (HIV, hepatitt), immunisering (antistoff mot erytrocyttar og leukocyttar) og transfusjonsreaksjonar. I tillegg er tilgang på blod avgrensa, spesielt ved sjeldne blodtypar. Dette er grunnen til at autotransfusjon, som er transfusjon av pasientens eige blod, har fått stadig større merksemd. Føremålet med studien var å samanlikne behov for homolog blodtransfusjon med og utan bruk av maskinell autotransfusjon under implantasjon av primær totalprotese i hofte. Vi ynskte i tillegg å undersøke om oppsamling av blodig skyljevæske intraoperativt, i tillegg til tradisjonell blodsamling, kunne auke mengda med gjenvunne blod ytterlegare og dermed redusere behovet for homologt blod.

Materiale og metodar

Alle pasientar som fekk implantert primær totalprotese i hofte ved vårt sjukehus i perioden september 2002 til juni 2004, gjekk inn i ein prospektiv studie på maskinell autotransfusjon. To pasientar vart tatt ut av studien. Ein pasient hadde transfusjonskrevande jernmangelanemi, og hos ein annan pasient kunne blodet ikkje brukast pga. ein feil ved heparintilsettinga. I tillegg vart alle pasientar som fekk implantert primær totalprotese i hofte i perioden juni 2001 til juni 2002, retrospektivt involvert i studien. Alle pasientar hadde diagnosen coxartrose.

Det var 111 pasientar (80 kvinner, 31 menn), med gjennomsnittsalder 71,5 år (spreiing 56 til 88 år). Det vart danna tre pasientgrupper:

  1. Gruppe 1: 29 pasientar som vart operert juni 2001 – juni 2002 utan autotransfusjon

  2. Gruppe 2: 35 pasientar som vart operert september 2002 – 27.3. 2003 med tradisjonell blodsamling

  3. Gruppe 3: 47 pasientar som vart operert etter 27.3. 2003 med tradisjonell blodsamling + oppsamling av blodig skyljevæske

I gruppe 2 og gruppe 3 vart alt blod frå operasjonssår/dren intra- og postoperativt (opptil seks timar) samla, antikoagulert, sentrifugert og vaska (Cell Saver 5, Haemonetics) og retransfundert. Hemoglobin vart målt preoperativt og på fyrste postoperative dag. Blodtap vart estimert både intra- og postoperativt og oppsummert (samla mengde). Gjenvunne erytrocyttkonsentrat vart nøye målt og dokumentert (t.d. 517 ml autolog erytrocyttkonsentrat, AEK). Oppsamla blod vart antikoagulert med ei heparinløysing (25000 IE heparin per 1 liter 0,9 % NaCl), og 0,9 % NaCl vart brukt både som kirurgisk skyljevæske og som vaskevæske i Cell Saver. Indikasjon for å gi homolog transfusjon var hemoglobinverdiar mindre enn 8,5 g/100 ml.

Data vart statistisk vurdert med t-test. Khikvadrattest var brukt for å sjå på kjønnsforskjellar mellom gruppene, og Fishers test for forskjellar ved «tal pasientar som fekk homolog blodtransfusjon». Data er gitt som gjennomsnitt ± standardavvik.

Resultat

Det var ingen signifikant skilnad med omsyn til preoperative hemoglobinverdiar, alder og kjønn mellom dei tre gruppene (tab 1). Gruppe 3 hadde statistisk signifikant høgare hemoglobinverdiar postoperativt (10,9 ± 0,3 g/100 ml) enn gruppe 2 (9,6 ± 0,3 g/100 ml, p < 0,01) og gruppe 1 (9,5 ± 0,4 g/100 ml, p < 0,01). Det var ingen signifikant skilnad mellom gruppe 1 og gruppe 2 med omsyn til postoperative hemoglobinverdiar.

Tabell 1  Samanlikning av dei tre behandlingsgruppene med omsyn til dei forskjellige målingane. Tallene er gjennomsnitt ± standardavvik

Gruppe 1 (utan autotransfusjon)

Gruppe 2 (tradisjonell blodsamling)

Gruppe 3 (tradisjonell blodsamling + oppsamling av blodig skyljevæske)

Preoperativ hemoglobinverdi (g/100 ml)

13,7 ± 0,5

13,3 ± 0,4

13,7 ± 0,4

Postoperativ hemoglobinverdi (g/100 ml)

9,5 ± 0,4

9,6 ± 0,3

10,9 ± 0,3

Estimert blodtap (ml)

871 ± 115

741 ± 70

946 ± 108

Framstilt autologt erytrocyttkonsen trat (ml)

0

238 ± 31

440 ± 51

Framandblod (SAG) (einingar/pasient)

1,79 ± 0,49

0,69 ± 0,48

0,15 ± 0,15

Tal pasientar (%) som fekk homolog blodtransfusjon

22 (76 %)

10 (29 %)

4 (9 %)

Framstilt autologt erytrocyttkonsentrat (AEK) i gruppe 3 var høgare (440 ± 51 ml) enn i gruppe 2 (238 ± 31 ml, p < 0,01). Det er færre pasientar i gruppe 3 (9 %) som har fått homologt blod enn i gruppe 2 (29 %, p < 0,04) og i gruppe 1 (76 %, p < 0,01). Gjennomsnittleg estimert blodtap var høgare i gruppe 1 (871 ± 115 ml) enn i gruppe 2 (741 ± 70 ml, p < 0,05) og høgare i gruppe 3 (946 ± 108 ml) enn i gruppe 2 (741 ± 70 ml, p < 0,01).

To pasientar som fekk homolog blodtransfusjon fekk «frysningar», men det var mest sannsynleg i samband med blodtrykksfall og spinalanestesien. Ein pasient hadde ein transfusjonsreaksjon med temperaturstigning, erytem i ansiktet og uvelkjensle. Pasienten og blodgivaren vart utreda med negativt funn (ingen påviste irregulære erytrocyttantistoffer eller bakteriologiske funn).

Diskusjon

Autotransfusjon reduserer behovet for homolog blodtransfusjon (1 – 9). Alle planlagde operasjonar med risiko for større blodtap burde ideelt sett gjennomførast med intra- og postoperativ blodsamling og prosessering. Større ortopediske operasjonar er veleigna for intra- og postoperativ blodsamling. Det finst berre to kontraindikasjonar for maskinell autotransfusjon, nemleg kontaminasjon med mikroorganismar og kreftceller.

Våre resultat viser at 91 % av pasientane som fekk totalprotese i hofte med bruk av tradisjonell blodsamling og oppsamling av blodig skyljevæske ikkje har behov for homolog blodtransfusjon. I studien til Magrini og medarbeidarar (10) fekk ein tilsvarande resultat (91,6 %), men her vart det i tillegg også brukt preoperativ blodtapping. Noko dårlegare resultat (76 %) fekk Turner og medarbeidarar (11) i ein tilsvarande studie med preoperativ blodtapping og intraoperativ blodsamling. I to andre studiar finn ein at 63 % (1) og 81 % (12) ikkje har behov for homolog blodtransfusjon når ein berre brukar postoperativ blodsamling.

Til tross for at gjennomsnittleg estimert blodtap i gruppe 2 var mindre (741 ml) enn i gruppe 3 (946 ml), var det mindre behov for homolog transfusjon i gruppe 3. Gjennomsnittleg estimert blodtap i gruppe 2 var også mindre enn i gruppe 1. Imidlertid er kontrollen i gruppe 1 historisk, medan gruppe 2 og 3 er undersøkt prospektivt.

Før vi tok i bruk Cell Saver fekk 76 % av pasientane homologt blod. Det tilsvarer 1,79 blodeiningar per pasient. Etter innføring av maskinell autotransfusjon fekk 29 % av pasientane homologt blod. Det tilsvarer 0,69 blodeiningar per pasient. Etter at ein starta å samle blodig skyljevæske i tillegg til tradisjonell blodsamling, fekk berre 9 % av pasientane homolog transfusjon. Det tilsvarer 0,15 einingar blod per pasient.

Eg takkar mine kollegaer Sigbjørn Lid og Rune Heggedal for språkleg hjelp. Eg takkar vidare Jan Fredrik Hovden for støtte ved statistikkdelen.

Anbefalte artikler