Psykiatri

Bjarte Stubhaug Om forfatteren
Artikkel

Nokon vil seie at psykiatrien dei siste tiåra kan liknast med den bortkomne sonen som endeleg vender attende til sitt medisinske opphav. Kanskje det. Psykiatrien har vore på vandring. Det er ikkje urimeleg å seie at dei siste 25 åra har vore den bolken i vår faglege historie som har bore med seg dei største omskiftingane og utviklingsstega både når det gjeld innhald i faget og ytre rammevilkår: Kunnskapsauke og kvalitet, endring i sjukehusstruktur og arbeidsoppgåver, leiaransvar og politisk styring. Psykiatrien er høgt oppe på den offentlege dagsordenen, og faget må finne seg i å bli ein arena for kritisk gransking og ideologisk strid.

Skal ein prøve oppsummere dei siste tiåra i norsk psykiatri, må ein skilje mellom spor og endringstrekk på ulike område: Utvikling av faget psykiatri, sterkare politisk styring, styrking av pasientrettar og brukarmedverknad, endring av institusjonsstrukturar og endring av leiaransvaret i psykiateren. Kva ståstad og kva røynsler skal vere referansegrunnlaget: Forskarperspektivet, med all ny kunnskap i basalfag og klinikk?Røynslene til klinikaren, med pasientlagnader i skvis mellom snøgghjelpplikt, forsvarleg behandling og utskrivingsvilkår? Røynslene til klinikksjefen, med prioriteringsdilemma og kvalitetsindikatormålingar? Er det helsepolitikarane våre som vurderer? Helseministeren? Eller er det pasienten som best kan vurdere korleis norsk psykiatri har utvikla seg? Den ressursrike pasienten med familie, nettverk og arbeid? Eller den einslege langtidspasienten med ti år institusjonsopphald bak seg, med rus, psykose og sjølvmordstankar som dagleg fylgje? Eller skal vi høyre på røynslene til dei pårørande med livslang omsorg og sut?

Det er rimeleg å nemne dette når ein vil gje ei autoritativ framstilling av norsk psykiatri. Den finst sjølvsagt ikkje. Men den ovannemnde symfonien av røynsler og synspunkt kan vere verd å lytte til – nettopp som ein symfoni, med harmoniar og unotar, rytme og kaos. Sagt på ein annan måte: Psykiatrien er ei spennande og kompleks helseteneste, der kunnskapsbasert medisin møter erfaringsbasert innsikt, menneskesyn og verdiar, politiske prioriteringar og menneskeleg engasjement.

Vi har truleg ei betre psykiatrisk helseteneste enn nokon gong. Med sigrar og nederlag. Med store manglar. Med store potensial for å bli endå mykje betre. Kva med faget psykiatri, som aldri kan vurderast ubunde av sosiale kontekstar og røynsler? Psykiatri har meir enn andre medisinske spesialitetar hatt tradisjonar for fagleg usemje og polarisering mellom rett- og vantruande. Ein såg lenge ideologiske stridar mellom biologi, psykologi og sosiologi, mellom medisin, psykoterapi og systemteori, mellom kustodial institusjonspsykiatri og frodig lokalpsykiatri. Enno kan vi høyre atterljom av dei store stormane og sjå omkampar utspele seg. Men i allmenn norsk psykiatri har vi dei siste tiåra sett ein stadig sterkare vilje og evne til heilskapstenking, til det vi så fint kallar biopsykososial medisin eller psykiatri.

Og det er interessant at dette har skjedd samstundes som vi har sett ein enorm kunnskapsauke innanfor spesialiserte fagfelt: nevropsykiatri, genetikk, psykofysiologi, utviklings- og sjølvpsykologi, psykofarmakologi, psykoterapiformer og -effektar, førebygging og tidleg intervensjon, familiebehandling, rehabilitering og brukarmedverknad. På desse og fleire andre område innanfor diagnostikk og effektive behandlingsprogram har vi gjort større framsteg enn vi til no har klart å formidle og bruke i dagleg klinisk arbeid. Dei gode resultata er ofte ei fylgje nettopp av at vi brukar ei integrert biopsykososial behandlingstilnærming. Det er ikkje lenger nokon motsetnad mellom god medisinsk og god psykologisk diagnostikk, mellom medikasjon, psykoterapi, familiebehandling, psykososiale tiltak og rehabilitering.

Vi har altså utvikla oss både i kunnskapsdjupne og integrert forståing. Det er ei positiv vurdering og eit optimistisk perspektiv. Kritikarane vil seie at lite har forandra seg, at vi framleis har ein betrevitande, autoritær behandlingskultur, at vi legg for stor vekt på den medisinske sjukdomsmodellen, medikaliserer for mange livskriser og -problem, forstår for lite og samhandlar endå mindre. Dét kan også vere sant.

Det er ikkje berre legespesialistar i psykiatri som definerer psykiatrifaget. Både psykologar og andre yrkesgrupper overtar deler av dei tidlegare funksjonane til psykiateren. Psykisk helsevern og psykisk helsearbeid er blitt omgrep brukt som endringsmidlar for å redusere og marginalisere psykiatrien til ei reint medisinsk-fagleg helseteneste eller – kanskje endå verre – til ei medisinsk konsulentteneste. Styresmaktene er utsett for ein strid om fagideologisk herredømme og politisk påverknad som utspelar seg mellom eit sosiologisk og eit medisinsk perspektiv, og helsebyråkratane synest ha lettare for å forstå dei samfunnsmessige forklåringane på sjukdom enn dei medisinske. Det vil vere psykiatrien og medisinen si oppgåve å slåss for at kompleksiteten i sjukdomsforståing og behandling kan vinne fram. Men vi må òg sjå at samfunnsmessige endringar, postindustriell uro og stress og rusmisbruk både skaper ny sjukdom og kompliserer sjukdom vi kjenner.

Norsk psykiatri er ikkje spesielt norsk. Dei fleste utviklingstrekk er som i andre europeiske land når det gjeld utdanning, kvalifikasjonskrav, klinisk kunnskap og behandlingsnormer. Psykiatrien er internasjonal. Det er allmenn semje om at større del av behandlinga av psykisk sjukdom skal skje ambulant, i samhandling med nettverk og lokal helseteneste. Funksjonen blir etter kvart meir konsentrert om utgreiing og diagnostikk og etablering av gode behandlingsprogram. Primærhelsetenesta vil overta meir av det langsiktige behandlingsansvaret.

Basalforsking og klinisk forsking vil etter kvart gje oss endå meir kunnskap om genotypar og biologiske markørar som kan brukast for meir presis diagnostikk – om predikasjon av medikamentell effekt, om nytte av spesifikke psykoterapimetodar for spesifikke plager, om langsiktig effekt av integrerte tidlege intervensjonsprogram, om fagleg og subjektiv nytte av brukarstyrte rehabiliteringstiltak.

Om 25 år vil vi forvalte kunnskap vi i dag ikkje kan fatte. Faget og spesialistane er blitt meir differenserte, behandlingsprogram meir individualiserte. Biologisk forståing og behandling vil ha større plass, integrert med psykoterapeutiske og psykososiale tiltak. Forventingane om at all psykisk smerte kan behandlast vil vere stor, gapet mellom forventing, tilbod og effekt endå større.

Psykiatrien vil vare, både som helseteneste og som medisinsk disiplin. Det biopsykososiale perspektivet vil framleis vere referanseramma, men behandlingstiltaka vil vere fokuserte og differensierte.

Det er ei freidig framtidsvon at psykiatrien vil vekse både i faglighet og i verdighet.

Anbefalte artikler