Klinisk kvardagsantropologi

Geir Sverre Braut Om forfatteren
Artikkel

Hanssen, Ingrid

Helsearbeid i et flerkulturelt samfunn

260 s, tab, ill. Oslo: Gyldendal Akademisk, 2005. Pris NOK 325

ISBN 82 -05 - 32699 -1

Målet med boka er å gje helsepersonell hjelp til å forstå bakgrunnen og tenkesettet til pasientar med ulikt etnisk, kulturelt og religiøst opphav. Det er utan tvil eit ambisiøst mål. Skal ein makte det innanfor vanlege rammer for ei lærebok, må ein ta mange snarvegar. Det har også forfattaren gjort her; og det etter mi vurdering på ein god måte.

Hovudperspektivet er antropologisk. Det er vel og bra, men når teksten likevel er deskriptiv, trur eg forfattaren kunne fått det til å svinge enda betre om ho hadde plukka litt meir frå nærskylde felt som til dømes sosiologi og filosofi. Bruken av omgrepa «kultur», «makt» og «autonomi» hadde stått seg på det.

Ikkje noko gale i det som er skrive, men det er nett i dei meir teoretiske funderingane omkring slike grunnleggjande omgrep at teksten sviktar litt. Forfattaren nyttar mange teoretiske innfallsvinklar utan å leggje dei under kritisk analyse.

Men i ei bok som er så praktisk retta som dette, er det ingen vesentleg mangel. Likevel er det når forfattaren spelar på sine eigne røynsler frå forsking og praksis at teksten er på sitt beste. Då vil alle klinikarar, lege som sjukepleiar, finne gjenkjennelege referansepunkt som kan tene som feste når ein sjølv ønskjer å utvide horisonten for forståing i møte med «annleis tenkjande».

Særleg på eitt punkt saknar eg ei meir tydeleg forankring i sjukepleieteori – det gjeld drøftinga av individualisme versus kollektivisme. Her meiner eg at Kari Martinsens forfattarskap kunne gjeve nyttige tilskot til analyse og forståing.

Forfattaren gjer med stor klokskap greie for den kulturelle datainnsamlinga som del av den anamnestiske prosessen. Etter å ha lese dette er eg overtydd om at det ikkje er nok med eit avsnitt om sosiale forhold i den medisinske journalen. I vår tid høyrer også kulturelle og livssynsmessige faktorar heime der. Det bør vere like naturleg for legen som for sjukepleiaren å notere seg relevante forhold av slik art!

Det er prisverdig at samisk kultur har fått sin eigen plass i boka. Rett nok summarisk og litt klisjéprega, men det gjer forfattaren greie for. Då eg las dette, slo det meg at dei subkulturane eg kjenner frå sørvestlandet, også kunne trengje sin antropologi!

Kanskje ei bok som dette er det som skal til for at nokon kan finne glede i å arbeide med det?

Anbefalte artikler