S. Hunskår svarer:

Steinar Hunskår Om forfatteren

Olaug Lian & Eivind Merok meiner at eg har mistolka bodskapen i boka og heller ikkje aksepterer grunnideane ho bygger på. Mitt innlegg i «For og imot»-spalta var med vilje prega av spissformuleringar, slik sjangeren gir rom for, som også John Nessa sitt innlegg (1). Dei som vil lese ei tradisjonell bokmelding, finn den i same nummer av Tidsskriftet (2), der meiningsinnhaldet ikkje er så ulikt mitt på fleire punkt. Eg tek gjerne opp att at eg tilrår boka som lesestoff i ein viktig debatt om distriktsmedisin og allmennmedisin. Og eg anerkjenner redaktørane sitt sterke engasjement for saka. Innlegget mitt var ikkje meint som stoppordre, men som eit kritisk varsku med på vegen vidare.

Men kritikken held eg fast ved. Redaktørane og Nessa bruker eit sjangerforsvar. Eg har sjølvsagt ikkje noko mot essaysamlingar med refleksjonar og analyser om allmennmedisin. Det eg påpeikte var at boka vert flagga som ei lærebok for medisinstudentar (s. 7). Da kjem også nokre andre sjangerkrav, og eg påpeikte at eg ikkje likte balansen. Eg trur ikkje boka vil fungere godt motiverande hos legestudentane når dei lurer på kva som ventar dei utanfor sjukehuset og om dei skal satse på eit legeliv i distrikta.

Fleire stader i boka vert det tydeleggjort fordelane med distriktspraksis til forskjell frå bypraksis. Når Lian & Merok på side 51 – 54 gjennom ei lang argumentrekke konkluderer med at det er i eit lite lokalsamfunn legen har best føresetnader for både utgreiing, diagnostikk og behandling, så trur eg ikkje på det. Og det er arrogant overfor alle dei samvitsfulle, gode og reflekterte allmennpraktikarane eg kjenner i storbyar og sentrale strok. Nessa skriv, derimot, at det er legen sin praksis og si interesse for populasjonen eller lista, ikkje geografien eller storleiken på kommunen, som sannsynlegvis er avgjerande. Det er også mi oppfatning.

Debatten om kva allmennmedisin og distriktsmedisin eigentleg er og skal vere, må halde fram, og svara vil endre seg med tida. Allmennmedisinens kjerne er klinisk arbeid, med samfunnsmedisinsk, epidemiologisk, biologisk og klinisk kunnskap i botnen, men med sterke innslag frå støttefag som psykologi, sosiologi, antropologi og etikk. Støttefaga hjelper oss til refleksjon og innsikt. Men når ein tek dei i bruk som del av medisinsk praksis overfor pasientar, må kunnskapstyngda og dokumentasjonskrava vere som for andre tiltak.

1

Nessa J. Ikkje fanden, men paven Tidsskr Nor Lægeforen 2005; 125: 1880.

2

Nylenna M. Distriktsmedisin slik distriktsmedisinere ser det Tidsskr Nor Lægeforen 2005; 125: 1876.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler